Atomberedskap og jodtablettar

Gulen kommune har fått spørmål om me har jodtablettar i beredskap. Her kan me informere om at kommunen har beredskapslager ute i krinsane i kommunen. Det er imidlertid slik at Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina.
Direktoratet sitt generelle råd (uavhengig av krigen i Ukraina) er likevel at alle under førti år bør ha jodtablettar lagra heime. Tablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek, og sjølv om apoteka no kan vere utseld for jodtablettar så melder sentrale myndigheiter at det er store mengder på veg ut til grossistar og apotek.


Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene.

Svært lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg på grunn av situasjonen i Ukraina

Viss det skulle skje ei alvorleg atomulukke på eit av kjernekraftverka i Ukraina, og vinden blæs mot Noreg, kan det kome radioaktivt nedfall over norske område. DSA seier at dersom det skulle skje eit utslipp av radioaktive stoff i Ukraina, er avstanden så stor at det mest sannsynleg ikkje vil bli nødvendig å bruke jodtablettar i Noreg.

Ei atomulykke i Ukraina kan likevel gjere det nødvendig for kriseutvalet for atomberedskap å setje i verk tiltak for å verne helse-, miljø- og samfunnsinteresser. Dei mest aktuelle tiltaka vil i så fall vere knytt til t.d. norsk matproduksjon

Informasjon frå Statsforvalteren om atomberedskap, jodtablettar og krigen i Ukraina kan du lese ved å trykke på lenka under: 
https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/samfunnstryggleik-og-beredskap/beredskap/informasjon-om-jodtablettar-og-krigen-i-ukraina/

Generelt råd om heimelagring av jodtablettar for alle under 40 år

DSA tilrår alltid at alle under 40 år har jodtablettar lagra heime, dette er uavhengig av situasjonen i Ukraina. Den viktigaste årsaka til rådet er at reaktordrivne utbåtar og isbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Viss det skulle skje eit alvorleg uhell med ein av dei, kan det verte aktuelt å gi råd om å ta jodtablettar.

Kven skal ta jodtablettar?

Dersom vi skulle få ein situasjon der Kriseutvalet for atomberedskap gir råd om å ta jodtablettar, vil rådet gjelde for:

  • barn og unge under 18 år
  • gravide
  • ammande

Ved svært alvorlege ulukker kan òg andre vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Information in English and other languages

DSA (Norwegian Radiation and Nuclear Safety Authority) says that there is a low probability for the need to take iodine tablets in Norway in case of a nuclear accident in Ukraine. They do however always recommend that everyone under the age of 40 keep iodine tablets stored in their own home. You will find information from DSA on the situation in Ukraine in English on this page

Important note: iodine tablets for use in case of nuclear accident are different from iodine dietary supplements. Ask your pharmacist for advise.

General information about taking iodine tablets in case of a nuclear accident is available in different languages here. (scroll to bottom of page)

You can find more information in English about Nuclear and Radiological preparedness in Norway here


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 11.03.2022