Tilskotsordningar

Kulturmidlar - kommunen si ordning

Lag og organisasjonar kan søkje kommunen om kulturmidlar. Det er to ulike ordningar å søkje på, ein for ålment kulturarbeid, og eit for kulturmidlar for born og unge.
Det er to skjema, bruk riktig skjema for målgruppa/tiltaket.
Søknadsfrist er 31. mars 2022.

Søknadskjema:

Momskompensasjon til idrettsanlegg

Momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg vart etablert i 2010. Ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet, og gjeld anlegg der byggearbeidet er satt i gang etter 1. januar 2010.
Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvalter denne ordninga. Du kan lese meir på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Søknadsfrist er 1. mars kvart år. 

Spelemidlar

Kvart år går noko av Norsk Tipping sitt overskot til idrettsanlegg, sokalla spelemidlar.

Søknadsfrist 1. oktober. 2022.

Søknadsprosessen krev mykje dokumentasjon, så vi oppfordrar til å komme igang snarast mogeleg, og å ta kontakt for rettleiing.

  • Anlegg som ikkje har fått midlar må fornye søknaden sin. Søknadsskjema, finn ein her.
  • Nye anlegg må meldast til Gulen kommune snarast så me kan opprette anlegget slik at dei ligg inne og det er mogleg å fylle ut søknaden. 

Nye anlegg må meldast til kommunen med epost til postmottak@gulen.kommune.no med ein søknad om å bli teke inn i prioritert handlingsprogram i Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Gangen i søknadsprosessen kan du sjå her.

 

Kultur- og miljøvern

Stiftelsen Uni

Uni-stiftelsen gjev støtte til mellom anna verneverdige bygningar. For meir informasjon, sjå Uni-stiftelsen si nettside.  

Kulturminnefondet

Du kan lese meir om tips om tilskotsordninga på nettsida til Kulturminnefondet.

Tilskot til kulturminne

Du kan lese meir om tilskotsordninga på nettsida til Riksantikvaren.

Kulturbygg

Tilskot til kulturbygg i Vestland

Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. 

Kommunal frist er 13. april 2022

Søk her: Tilskot til kulturbygg i Vestland - Vestland fylkeskommune

Ta et tak

«Ta et tak» er ein aksjon som rettar seg mot våningshus og driftsbygningar. 
Du kan lese meir på Norsk kulturarv sine nettsider

Kunst, scene, formidling

Frifond Musikk

Du kan lese meir om tilskotsordninga på nettsida til Frifond.

Frifond Teater

Du kan lese meir om tilskotsordninga på nettsida til Frifond.

Andre tilskotsordningar

Gjensidige Stiftinga

Du kan lese meir om tilskotsordninga "Aktiv fritid for alle" på nettsida til GjensidigeStiftinga.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Du kan lese meir om tilskotsordninga på nettsida til Sparebankstiftinga.

Oversikt over alle tilskot frå Vestland fylkeskommune

Du kan lese meir om alle tilskotsordninger her.


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 25.03.2021