Søkje serveringsløyve for mat og drikke
Vilkår
Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving.
Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.
Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.
Søknad
Last ned og fyll ut søknadsskjemaet for serveringsløyve.
Søknadsskjema for serveringsløyve
Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar:
- namn og adresse på den ansvarlege for verksemda. Dersom serveringsverksemda vert driven av ein juridisk person, skal det også bli gitt opplysningar om organisasjonsnummer og eigarsamansetnad
- lokalisering av verksemda
- namn og adresse på styrar og stedfortredar
- dokumentasjon på faglege kvalifikasjonar (etablerarprøva - jf.§5)
- skatteattest for den som er ansvarleg for verksemda
Saksbehandling
Søknadane vert handsama fortløpande, snarast råd og seinast innan 60 dagar
Klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen er klageinstans. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Statsforvaltaren.
Klagen sender du
Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending
eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no
eller til postadresse: Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Lover
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)