Viltforvaltning

Sett hjort

Jegerar sine observasjonar er eit av dei viktigaste bidraga til overvaking og forvaltning av hjortevilt.

Innsamling og systematisering av jegerobservasjonar skjer på Hjorteviltregisteret.no eller på appen «Sett og skutt».

Hjortevilt.no

Alt om elg, hjort, villrein og rådyr


Logg inn her for registreringar:

Digital registrering av sett hjort og slaktevekter

Ettersøksavtale, Gulen ettersøkslag 2021

Trykk her for ettersøksavtale

Kvar sender ein søknad og fellingsrapport

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik

Vårteljing av hjort

Gulen kommune har hatt vårteljing av hjort samanhengande frå år 2000. Teljinga skjer om våren når hjorten kjem inn på bøane for å beite på groen. Ved å bruke same opplegg år etter år, får ein ein peikepinn på om stammen aukar eller minkar.

Viltpåkøyrsel

Dersom du er uheldig og køyrer på ein hjort eller anna vilt, er du pliktig å varsle. Den enklaste måten er å ringje politiet på 02800, som varslar vidare til ettersøksmannskapet. Det er ikkje straffbart å køyra på vilt, det viktigaste er å varsle om ulykka. 

Varsling er også viktig dersom det vert skader på bil. Forsikringsselskapa kan krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulykka. Stadfesting får ein hjå kommunen.

Hugseliste ved viltpåkøyrsel

Dette må du gjere:

  • Sikre ulykkesstaden med varseltrekant og naudblink.
  • Ring 02800 for å varsle politiet med ein gong, slik at ettersøket kan starte så tidleg som mogleg og viltet unngår unødig plage.
  • Få oversyn over eventuelt skadde personar og ring 113 dersom dei treng hjelp.
  • Merk påkøyrselsstaden med eit viltband eller anna (tau, pose eller liknande).
  • Oppsøk lege viss du har smerter i nakke eller hovud etter påkøyrsel.
  • Ikkje gjer dette:
    • Ikkje følg etter det skada dyret sjølv. Det gjer arbeidet til ettersøkshunden vanskelegare.
    • Ikkje prøv å avlive viltet sjølv. Dette skal gjerast av kommunen.
    • Ikkje ta med deg eit påkøyrd og dødt vilt utan løyve.
Sjukt eller skadd vilt

Ring kommunen på 57 78 20 00 dersom du kjem over sjukt- eller skadd vilt i nærområdet eller på tur. Kommunen vil raskt avgjere om viltet må avlivast, slik at ein unngår at viltet lid unødig eller gjer skade på folk eller eigedom.

Dersom du ikkje får tak i kommunen, ring politiet på telefon: 02800

Skadefelling av grågås 

Jakttida på grågås er i tida 10.08 til 23.12.

Søknad om løyve til felling av grågås som gjer skade på dyrka mark (eng og beite), skal vere skriftleg. (viltforskriften § 3-8)

Kommunen kan gje løyve til felling av grågås som gjer skade på eng og beite. Dette går fram av viltforskrifta og naturmangfaldlova.

  • Løyve skal berre gjevast unntaksvis for å unngå ei utholing av fredningsprinsippet i viltlova.
  • Ved felling av vilt, skal ein ta ut dei individa som faktisk gjer skade.
  • Noko skade må ein tole. Først når skaden vert vesentleg eller ved framhald vil bli vesentleg, skal kommunen gje løyve til felling av skadegjerande individ.Tal individ som vert gjevne fellingsløyve på, skal vere ut frå skadeomfanget. Ønsket om reduksjon av lokal bestand skal ikkje vektleggast ved vurdering av fellingsløye.
  • Før søknad om fellingsløyve,  plikter søkjar å ha gjennomført tiltak for å hindre eller redusere skaden.
  • Løyve gjeld for området som er skada eller i umiddelbar nærleik.
  • Ein må tole noko skade. Felling skal ikkje, som regel, vere eit første val.
  • Skadefellingsløyve vert kun gjeve om andre tiltak er utprøvd og desse ikkje reduserer eller løyser problemet.

Kva må vere med i søknaden

Søknad om skadefelling av gås, skal vere skriftleg.
Bruk gjerne skjema-malen.
Dersom det er trong for å gje tilleggsopplysningar, legg ein dette ved. Søknaden skal skildre kva det er skade på, i kva omfang, har det vore skade tidlegare år, kvar er skadestaden – del av garden og type areal. Kva tiltak er gjennomført for å hindre/redusere skadeomfanget. Er det jakta i ordinær jakttid?

Kva vurderingar vil kommunen gjere og kva vilkår kan kommunen sette?

Kommunen skal på bakgrunn av søknaden vurdere om det er grunnlag for å gje løyve til felling av skadegjerande individ. Skaden må vere eller om den held fram, vere av vesentlig økonomisk storleik for skadelidne.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 i naturmangfaldlova  leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde. Dette innebær at kommunen må vurdere om fellingsløyve fører til påverknad av naturmangfaldet.

I eit eventuell løyve kan kommunen sette nokre vilkår.

  1. Tal individ som kan fellast.
    Talet vert vurdert ut frå skadeomfanget og kva bestandssituasjonen er i kommunen, fylket og landet.

  2. Kva område løyve  gjeld for.
    Løyve til felling av individ som gjer skade, gjeld i utgangspunktet på eigedomen til søkjar. Men løyvet kan avgrensast til å gjelde kun det området der skaden faktisk er.

  3. I kva tidsrom gjeld løyvet.
    Tidsavgrensinga kan setjast til periode då skaden skjer. Korte fristar.

  4. Kven løyve gjeld for.
    Retten til og ansvaret for å vurdere skadefelling er lagt til grunneigar/brukar/ rettshavar. Fleire av desse kan søke om felles løyver, om skadekriteria er oppfylte på kvar av eigedomane.Kommunen må då i samarbeid med søkarane fastsette kven som skal stå som ansvareg for at fellinga vert organisert og iverksett i samsvar med løyve.

    Fellingsløyve vert gjeve til søkar som sjølv er ansvarleg for at fellinga skjer i tråd med forskrifta og eventuelle vilkår sett av kommunen. Søkjar må sjølv ta kostnader med felling og eventuell handsaming av felt vilt.

  5. Rapporteringsplikt.
    Kvart fellingsløyve som vert gjeve, vil medføre ei plikt til å rapportere kva utfallet er. Felling av skadegjerande vilt, må følgje reglane for utøving av jakt som er fastsett i viltlova med forskrifter.
Kommunen sine oppgåver i viltforvaltninga
  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapporter
  • Registrering og analyse av sett hjort-skjema
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar for hjort
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond
  • Kommunen tildeler fellingskvoter for hjort til valda og valdleiar er kommunen sin kontaktperson. Har du spørsmål om kvote og fellingsløyve er det valdleiar for det aktuelle valdet du må kontakte
Lovverk

Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 30.12.2019