testerGulenPlan, bygg og eigedomBygging og graving i forureina grunn

Bygging og graving i forureina grunn

Terrenginngrep i forureina grunn kan føre til helse- og miljørisiko for omgjevnadene. Difor stiller vi krav til korleis forureina grunn skal handterast. Dersom du har grunn til å tru at det er forureining i grunnen må det undersøkast før du kan grave. Det er du som tiltakshavar som har ansvaret for å finne ut om det er forureining i grunnen på eigedommen.

Før du kan grave 

  • Finn ut om det er mistanke om forureining i grunnen på eigedommen der det skal gravast. Dette kan du gjere ved å søkje opp eigedommen i Miljødirektoratets grunnforureinsningsdatabase.
    Trykk her for å sjå Miljødirektoratets grunnforureiningsdatabase.
    Det kan og vere mistanke om forureining i grunnen der det til dømes har vore nokon av desse aktivitetane:
    • industri og verksemd
    • område med utfyllingar eller tilkjørte forureina masser
    • byjord (jord i byane er brukt om igjen mange gangar. Den inneheld bygningsrestar, brannrestar, hushaldningsavfall, industriavfall, tilkjørte gravemasser og lokal naturleg jord)
    • tidlegare avfallsdeponi
    • branntomter
  • Viss det er mistanke om forureining i grunnen, må du sørgje for at det blir tatt grunnundersøkingar. Alternativt må dokumentasjon på at eigedommen ikkje er forureina leggjast fram for kommunen. Til å utføre undersøkingar må du nytte ein konsulent med fagleg kompetanse på grunnforureining.
  • Viss grunnundersøkingane påviser forureining, må du sørgje for at det blir utarbeida ein tiltaksplan for korleis grunnforureininga på eigedommen skal handteras. Det finnes ikkje eit eige skjema, men tiltaksplanen skal svare på alle punktane i forurensningsforskriftens kapittel 2, § 2-6.
    Trykk her for forurensningsforskriftens kapittel 2, § 2-6.
  • Send inn tiltaksplanen til oss for godkjenning. Tiltaksplanen må du senda  saman med søknad/utgreiing. Tiltaksplanen kan du også sende saman med søknad etter plan- og bygningslova, der slik søknad er naudsynt. Miljøavdelinga har inntil fire vekers sakshandsamingstid på godkjenning av tiltaksplanar. Sakshandsamingstida gjeld frå vi har motteke komplett søknad. 

Til å utføre undersøkingar må du nytte føretak med fagleg kompetanse på grunnforureining. Undersøkingane skal vere utført i samsvar med norsk standard NS-ISO 10381-5 og rettleiing om helsebaserte tilstandsklassar for forureina grunn TA-2553/2009. 

Du kan ikkje sette i gang gravearbeida før vi har godkjent tiltaksplanen, uavhengig av om arbeida er søknadspliktige etter plan- og bygningsloven.

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstida er fire veker frå du har sendt inn komplett tiltaksplan til oss.

Kommunen kan bestemme at tiltakshavar skal varsle naboar og eventuelle andre berørte om det planlagde terrenginngrepet.

Gebyr 

Kontakt

Kontaktsenteret er ope måndag - fredag frå 09:00 - 15:00.

Klage

Vedtak om tiltaksplan kan klagast på.
Trykk her for informasjon om korleis du kan klage.

Etter at du har gravd

Når arbeida er utført, skal du sende oss en sluttrapport for handtering av forureina grunn. Det finnes ikkje eit eige skjema, så skriv en tekst som inneheld:

  • ei beskriving av gravearbeida som er utført
  • kvitteringar som viser at overskotsmassane er levert til eit godkjent deponi for forureina masser

Sluttrapport for forureina grunn blir handsama uavhengig av en eventuell søknad om ferdigattest.

Dokument sender du på e-post til postmottak@gulen.kommune.no. Du kan også levere papirdokument til ekspedisjonsavdelinga på kommunehuset i Eivindvik. 

Meir informasjon


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 14.11.2018