testerGulenInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av kommuneplanen sin arealdel 2020-2032 - 2. gongs høyring

Kunngjering av kommuneplanen sin arealdel 2020-2032 - 2. gongs høyring

Arealdelen er ein viktig plan som skal sikre ei langsiktig, berekraftig utvikling og forvaltning av areal-, natur- og kulturmiljøressursane i kommunen. Kommuneplanen sin arealdel er rettsleg bindande for all utbygging og alle tiltak som vert omfatta av lova.

Grunna ein intern feil var dokumenta som vart sendt ut til 2. gongs høyring av arealplanen Plan ID 4635-202002 ikkje dei sist oppdaterte versjonane av plandokumenta. Dette vart me dessverre ikkje gjort merksame på før etter at høyringsfristen var gått ut. Planen låg på 2. gongs høyring frå 23.07.2021 til 27.09.2021. Dei dokumenta som vart publiserte på vår heimeside var riktig versjon.

I samråd med Statsforvaltaren i Vestland sender me no ut planen på ein ny 2. gongs høyring med 6 nye veker høyringsfrist. Me oppmodar samstundes alle partar å komme attende med merknad så snart som mogleg, helst før 6 veker er gått.

Arealplanen består av følgjande dokument:

Trykk på lenke under for å sjå dokumenta: 

Merknadar kan sendast til Gulen kommune via: 

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik

Høyringsfristen er sett til 29.11.2021.

Hvis en treng dokumenta som Sosi-fil, kan en kan ta kontakt med planavdelinga. 


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 23.07.2021