testerGulenSkule og utdanningSkulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO)

Søknadsfrist

Søknadsfrist til SFO er 1. april.

Slik søkjer du

Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO.

Kva kostar det?

Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter.

Prisar på SFO-plass
  Kroner
Heil plass (Over 8,5 t per veke) 2 420,- per månad
Halv plass (Frå 2 t, til og med 8,5 timar pr. veke) 1 210,- per månad
Til og med 2 timar pr. veke 475,- per månad
Søskenmoderasjon 30% barn nummer 2
50% barn nummer 3 eller fleire
Tillegg  
Matpengar 150,- per månad
Kjøp av enkeltmåltid 30,- per måltid
Kjøp av enkeltdagar 310,-
Kjøp av tilfeldige timar 95,- per time

Brukarbetaling vert kravd inn 9,5 månader pr. år; halv takst i august, desember og juni, betalingsfri i juli.

Redusert foreldrebetaling

Vi gir reduksjon i foreldrebetalinga for SFO, slik at den per elev utgjer maksimalt 6 % av inntekta til hushaldet.

Trykk her for å søkje

Trykk her for å lese meir om forskrifta på Lovdata.no

Gratis SFO for born med særskilde behov på 5. - 7. årstrinn.

Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for born med særskilde behov på 5. -7. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis, men kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Slik seier du opp plassen

Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO

Det er ein månads oppseiingstid.

Om tilbodet

Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver.

SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samarbeid med heim og skule, gi dei eit godt grunnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

  • Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
  • Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
  • Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter
Vedtektene våre

Trykk her for vedtekter for skulefritidsordninga i Gulen kommune

Kva seier lova?
Kontakt

Kontaktinformasjon til skulane


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 07.06.2018