Bakgrunnen for dette er at til lågare radonnivå er, til lågare er lungekreftrisikoen. Difor bør radonnivå alltid vere så lave som praktisk talt mogleg. Dette er også eit generelt krav i strålevernforskrifta, i tillegg til grenseverdiane.

I ny strålevernsforeskrift av 1. januar 2011 gjev helsemyndigheitene ein treårig overgangsperiode for grenseverdiane for radon i barnehager, skular og utleigebustadar. Det gjeld alle typar utleigebustadar, både dei som vert leigd ut av det offenlege, verksemder og private, inkludert leilegheiter og hyblar i tilknyting til eigen bustad. Krava gjeld alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular, både private og offentlege. ( krava gjeld ikkje for utleigehytter for kortare tidsutleige)

Strålevernsforeskrifta,§ 6. Grenseverdiar og tiltaksgrense seier:
Radonreduserande tiltak skal iverksetjast i barnehagar, skular mv. som er omfatta av foreskrift 1. desember 1995 nr. 928 om miljøretta helsevern i skular, barnehagar mv. §2, dersom radonnivået overstig 100 bq/m3 (tiltaksgrense). Tilsvarande gjeld for bustadar der eigar ikkje bur eller oppheld seg. Radonnivået skal unasett ikkje overstige grenseverdien på 200 bq/m3 i slike bygningar og lokalar.

Bestemminga trer i kraft 1. januar 2014.

Det vil med andre ord seie at 1. januar 2014 må alle uteleigebustadar, skular og barnehagar oppfylle krava til radon i ny strålevernforeskrift. Radonnivået skal vere så lavt som det praktisk mogleg å få til og aldri over 200 Bq/m3. Tiltaksgrensa er 100 Bq /m3. Det tyder at dersom du måler radonnivå som er høgare enn 100 Bq/m3, for eksempel 150, og oppover må du gjere tiltak for at nivåa skal bli så lave som praktisk talt mogleg. Dette må dokumenterast.

Maksimumsgrensa er 200 Bq/m3. radonnivå skal aldri overstige denne grensa.

Det er utleigar og huseigar sitt ansvar å påsjå at krav vert fylgt.

Gulen kommune i samarbeid med Promo AS, ønskjer å gje innbyggarane i kommunen som er omfatta av krava, eit tilbod om måling av radon, eventuelt tiltak, slik at krava er oppfylt før fristen 1. januar 2014.
Da det også er komt lov om at måling kun skal gjerast fra oktober til april, det  er da høgast konsentrasjon av radon. Det vil da sei at det kun er 2 måleperioder igjen, før 2014.

Promo AS vil komme ut med eit rimelig tilbod til alle innbyggjarar i Gulen kommune, også dei som ikkje har krav om radonmåling, men som berre ønskjer å måle i eigen bustad, for å vite kva radonnivå dei har i innelufta i huset. Miljøretta helsevern i kommunen vil dermed kunne få eit betre grunnlag for å vurdere radonforholda i kommunen. Måleresultat vil ikkje verte publisert på ein slik måte at enkeltmålinger kan gjenkjennast.

Måletypar.  Sporfilm 2 mnd
Sporfilm 7 dager
Digitalmåling (48 timer)
Sniffer. Resultat omg.
Måling radon vatn.

For meir info. Radon, ta kontakt med Promo AS, telefon 57 82 93 30
Jostein Grotle, telefon 915 42 550 eller e-post til jostein.grotle@promo.as
Trond Ove Kvamsås,  telefon 976 52 006 eller e-post til trond.ove.kvamsas@promo.as

Promo AS
Firdavegen 14
6800 Førde

Heimeside www.promo.as