Dei som søkjer innan fristen og har krav på redusert foreldrebetaling, får fastsett eigne takster gjeldande frå 1. august 2019. Det er lov å søkje seinare og, men då vil dei nye takstane gjelde frå månaden etter vedtaket er gjort.

Ordningar det kan søkast om:

  1. Redusert foreldrebetaling
    Makspris for første barn i 2019 er 3040 kr pr. mnd. frå 1.august, 33 440 kr pr. år. Dette skal maksimalt utgjere 6% husstanden si inntekt og grensa for hustandsinntekt vert såleis 557 300 kr. Husstandar med lågare inntekt enn dette får berekna eigne betalingssatsar for barnehageåret med utgangspunkt i samla inntekt for husstanden i 2018. Dokumentasjon er innsend skattemelding for 2018.
     
  2. Gratis kjernetid
    Husstandar med samla inntekt i 2018 mindre enn 548 500 kr, har rett på 20 timar gratis kjernetid i barnehagen for 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart.


Send søknaden til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, og legg ved husstanden sine skattemeldingar for 2018. Kommunen har ikkje eigne søknadsskjema for dette. Har de spørsmål til ordningane, kan de kontakte:

Kommunalsjef oppvekst Jan-Ove Einebærholm

Tlf. 57 78 20 05