Dei som søkjer innan fristen og har krav på redusert foreldrebetaling, får fastsett eigne takster gjeldande frå 15. august 2020. Det er lov å søkje seinare og, men då vil dei nye takstane gjelde frå månaden etter vedtaket er gjort.

Ordningar det kan søkast om:

  1. Redusert foreldrebetaling
    Husstandar med lågare inntekt enn kr 566 100 får berekna eigne betalingssatsar for barnehageåret 2020-2021 med utgangspunkt i samla inntekt for husstanden i 2019. Dokumentasjon er innsend skattemelding for 2019.
     
  2. Gratis kjernetid
    Husstandar med samla inntekt i 2019 mindre enn kr 566 100 kr, har rett på 20 timar gratis kjernetid i barnehagen for 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart.


Send søknaden til Gulen kommune, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, og legg ved husstanden sine skattemeldingar for 2019. Kommunen har ikkje eigne søknadsskjema for dette. Har de spørsmål til ordningane, kan de kontakte:

Kommunalsjef oppvekst Jan-Ove Einebærholm

Tlf. 57 78 20 05