Til stades i møte:
HTV NITO Rune Midtun 
HTV Sjukepleiarforbundet Siv Skulstad
HTV Delta Gro Engesæter 
HTV Fagforbundet leif Brekken 
HVO Mona Elnes 
rådmann Reidun Halland 
rådgivar Kari brekken 
leiar løn og personal Mona Molland

HTV frå Fysioterapeutforbundet, Ergoterapeutforbundet, Dnlf, Utdanningsforbundet og FO deltok
ikkje på møtet.

Fylgjande vart gjennomgått:

  • Orientering om kommunereforma, gjennomgang av både sentrale føringar, kva som har skjedd så langt kva som er tenkt vidare for vår kommune når det gjeld prosess
  • Orientering om kva politiske vedtak som førebels er gjort og kva alternative strukturar som skal utgreiiast
  • Drøfting om korleis dei tilsette skal involverast/ sikre at arbeidsmiljø vert ivareteke gjennom prosessen. Vi er i eit tidleg stadium i prosessen, så situasjonen kan endre seg, men vi er samde om fylgjande:
    • Informasjon til tilsette (og innbyggjarar) er viktig. HTV har ei viktig rolle når det gjeld informasjon, men arbeidsgivar må også sjølv syte for informasjon (alle medarbeidarane er heller ikkje organisert)
    • Det er oppretta eigen e-post for innbyggjarar som har innspel til kommunereforma; kommunereform@gulen.kommune.no. Det er også ein link på heimesida der aktuelle dokument vert lagt ut fortløpande
    • HVO har ikkje ei formell rolle i drøftingsmøter etter Hovudavtalen, men skal etter aml. ha fokus på arbeidsmiljøet også i denne prosessen, så det er viktig at ho er orientert om, og kan kome med innspel i prosessen
    • Ein HTV vert del av den administrative arbeidsgruppa (som i tillegg består av rådmannen, rådgivar og leiar løn og personal). Dei HTV vel sjølv ut kven som vert representant (NB! i etterkant av møtet vart HTV Fagforbundet Leif Brekken vald)
    • Det vil verte sektorvise administrative arbeidsgrupper i utgreiingsarbeidet lokalt for Gulen kommune, og desse gruppene knyter til seg dei aktuelle organisasjonane/HTV
    • Det er planlagt interkommunale arbeidsgrupper (sektorvis) som skal utgreiie Gulen/Solund/masfjorden-alternativet. Her tenker vi at kvar gruppe har ein HTV, der han/ ho må representere for alle kommunane. NB! Dette er ikkje avklart med dei andre kommunane enno, så her kan det verte endringar
    • For Nordhordalandsalternativet er ikkje utgreiingsprosess avklart når det gjeld HTV sin medverknad
  • Det vil verte kalla inn til fleire drøftingsmøte der alle HTV er samla etter behov