Borgarleg Vigsel
Tidlegare var det domstolane i Noreg som gjennomførte borgarlege vigslar. Frå 01.01.2018 overtok kommunane dette ansvaret.
Tidlegare var det domstolane i Noreg som gjennomførte borgarlege vigslar. Frå 01.01.2018 overtok kommunane dette ansvaret.
Gjennomføring av kommunale vigsler i Gulen kommune etter endring i ekteskapslova gjeldande frå 01.01.2018
Før ein giftar seg så må ein sende inn ein del papir til skatteetaten slik at dei kan sjekke at ein oppfyll vilkåra for å inngå ekteskap. Handsamingstida er 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.
Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektefellar i lovverket. Sambuarar blir behandla som ektefellar på einskilde område og som einslege på andre.
Ein ektefelle som ikkje ynskjer å fortsetje samlivet kan søkje fylkesmannen om separasjon. Etter eitt års separasjonstid, kan kvar av partane søkje fylkesmannen om skilsmisse. Ektefellar som flyttar frå kvarandre utan å vere separert, kan søkje fylkesmannen om skilsmisse to år etter samlivsbrotet.