Fleire eldre og personar med nedsett funksjonsevne ynskjer å bu heime i eigen bustad så lenge som mogleg. Det er god samfunnsøkonomi å tilretteleggje bustader på denne måten. Tilskot til tilpassing kan i mange tilfelle vere eit viktig virkemiddel for å få til dette.

Tilskot til tilpassing er ei offentleg støtteordning som kan bidra til at du kan bli buande i bustaden din, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Ein kan søkje om støtte til enkle tiltak, som å fjerne terskler for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å tilretteleggje bustaden i forhold til brukaren sin reduserte funksjonsevne. Familiar med barn som har nedsett funksjonsevne er høgt prioritert ved tildeling av tilskot.

Kommunen vil ikkje nytte absolutte inntektsgrenser i slike saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal gjerast ut frå ein totalvurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

For meir informasjon kontakt NAV Gulen på telefon 5555 3333.

Klikk på lenkene under for meir informasjon:

Les meir om tilpassing av bustad på Husbanken sine sider

Søknadsskjema