De vil finne lenke til søknadsportalen på barnehagane og kommunen sine heimesider. Adressa er:

https://barnehage.visma.no/Gulen

Når de klikkar på denne linken, kjem de til innloggingssida i føresetteportalen. De loggar dykk inn med elekronisk ID via ID-porten. De kan velje nynorsk, bokmål eller engelsk som språk.

Søknaden om barnehageplass er delt i fem steg, der de som søkjarar må fylle inn informasjon:

  1. Opplysningar om barnet
    a) Fødsselsnummer
    b) Namn
  2. Kontaktopplysningar om føresette
    a) Relasjon til barnet
    b) Mobiltelefonnummer
    c) Epostadresse
    d) Legge til eventuell medsøkjar
  3. Velje barnehage
    a) Ønska oppstartdato
    b) Barnehagar i prioritert rekkefølgje
    c) Plasstype
  4. Andre opplysningar
    a) Morsmål
    b) Opptakskriterium som barnet fyller
    c) Dokumentasjon om det vert krevd
    d) Andre relevante opplysningar
  5. Kontrollskjema
    a) Kontroll av opplysningar i søknaden
    b) Innsending av søknad

Søknaden vert sendt elektronisk direkte til Visma Flyt Barnehage si administarsjonsløysing for kommunen. Når søknaden er sent, vil de motta ei stadfesting på epostadressa de har lagt inn i søknaden.

Om de treng hjelp til å fylle ut søknaden kan de kontakt kommunalsjef oppvekst, eller ta direkte kontakt med barnehagen.