Søknaden skal sendast til den eller dei kommunane der veganlegget er lokalisert. Søkjaren pliktar å fylle ut søknadsskjemaet så fullstendig som mogleg og bidra med alle kjende opplysningar som kan vere viktige for den følgjande saksbehandlinga og avgjerda.

Søknaden skal innehalde

  • Utfylt søknadsskjema (sjå rettleiing side 2 i skjemaet)
  • Naboar og rettshavarar skal og varslast om vegsøknaden, og lista over dei som er varsla skal leggjast ved.
  • Kalkyle av den økonomiske gevinsten (transportgevinsten)
  • Kart i målestokk 1:5 000 eller 1:10 000 og oversiktskart i målestokk 1: 50 000 (sjå rettleiing side 2 i skjemaet)
  • Dersom søkjar er kjend med andre miljøverdiar i dekningsområdet til vegen, må det leggast ved ei beskriving av korleis ein har tenkt å ta omsyn til desse

Klikk her for søknadsskjema....

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for gebyrregulativet til Gulen kommune...

Saksbehandling

Fylkesmannen skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltningen i fylkeskommunen.

Kommunen gjer vedtak om godkjenninga, set eventuelle vilkår eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd, Det blir sett ein frist for når tiltaket skal vere gjennomført. Dersom fristen ikkje blir overhalde, fell godkjenninga bort.

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover

Når hovudføremålet med vegen er landbruk, dvs. at meir enn 50 % av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden behandlast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.

Forskrift om konsekvensutredninger
Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 29-7 Krav til produkter til byggverk
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)