Med dette biletet frå ballbingen som er bygd i Prestesundet bustadfelt ynskjer vi gratulere Eivindvik Idrettslag og alle eldskjelene rundt med eit flott anlegg! Samstundes vil vi motivere andre til å ta sats.

 

Anlegg som skal søkje spelemidlar for 2020 må meldast inn til handlingsprogrammet i Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Meldast inn på epost til postmottak@gulen.kommune.no og merkast «handlingsprogram kommunal plan f.i.f». Frist 1. november.

Spelemiddelsøknaden må vere ferdig registrert, med alle obligatoriske vedlegg innan 1. november 2019. Søknadsskjema finn du på www.anleggsregisteret.no

Fristen gjeld og for anlegg som skal fornye søknaden sin.

Nye anlegg meldast til kulturkonsulent slik at vi får oppretta anlegget i søknadsregisteret. Derfrå fyller du ut søknaden. Ta tidleg kontakt dersom laget skal søkje midlar, dette er ein søknad som ein treng litt tid på å få i orden då det krevst dokumentasjon på alle kostnader og finansiering. Kulturkonsulent hjelper undervegs. Ta kontakt på epost vivian.vage@gulen.kommune.no