Lag og organisasjonar som skal søkje om spelemidlar for 2021 må kontakte kulturkonsulent for å få oppretta anlegg i anleggsregisteret.
Søknaden må vere ferdig registrert 1. november 2020.

Anlegg som skal søkjast midlar til må meldast til kulturkonsulent innan 1. oktober for å bli teken inn i rullering av handlingsprogrammet i kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Fristane gjeld også for lag som skal fornye søknaden. Om de fekk ein godkjend søknad i 2020 men ikkje tildeling må søknaden fornyast årleg til tildeling skjer. Vanleg ventetid er ca 3 år ved nærmiljøanlegg og 4-5 for ordinære anlegg. Viktig å fornye for å ikkje gå ut av køen. Fornying er ein enklare prosess der de loggar inn på eksisterande søknad og oppdaterer det som skal oppdaterast.

Ta kontakt med Kulturkonsulent Vivian Våge (vivian.vage@gulen.kommune.no) ved spørsmål eller hjelp til å komme i gang.