Gulen kommune har fire bu- og omsorgssenter der ein del av omsorgsbustadane er av ei slik byggteknisk utforming at brukaren ikkje kan stelle seg mat sjølv, og fellesarealet vert nytta til fellesmåltid. Helsetilstanden til brukarane er og av ein slik art at dei høyrer inn under gruppa dei mest sårbare i samfunnet. For å presisere helsetilstanden har mange av brukarane i praksis  heildøgnsomsorg.

Med bakgrunn i desse omsyna vil Gulen kommune også stenge omsorgsbustadane, sjølv om dei er definerte som private heimar, for alle besøkande, også inkludert pårørande, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og bidreg med aktivitetar på bu- og omsorgssentera.

Dersom det er heilt spesielle omsyn, og nye retningslinjer medfører vanskar, må pårørande kontakte einingsleiar for nærmare dialog og avtale.

Stenginga gjeld frå 17.03.2020