Minner om datoane for stenging av matrikkel og grunnbok i desember 2019

  • Matrikkelen blir stengt for all oppdatering i perioden 13. desember 2019 klokka 18:00  til utgangen av 1. januar 2020. Totalt ni virkedagar.
  • Grunnboka blir stengt for all oppdatering i perioden 27. desember 2019 klokka 20:00 til utgangen av 1. januar 2020. Totalt ein virkedag.
  • Alle innsynstenester vil vere tilgjengelege i heile perioden, men ustabilitet kan førekome. Dette gjeld eksempelvis seEiendom, e-handel og grunnboka. Innsynstenester vil gå mot fryst database inntil systema settast i normal drift att.

Konsekvensar

  • Ingen matrikkelføring i nokon av landets kommunar i perioden matrikkelen er stengt. Det betyr bl.a. at eigedomsdanning, adressering eller bygningsregistering ikkje kan utførast.
  • Ingen elektronisk innsending av matrikkeldokument til tinglysing frå 13. desember 2019 kl. 18:00
  • Ingen føring av konsesjon i matrikkelen frå 13. desember 2019 kl. 18:00. Der konsesjonsavklaring ikkje allereie er registret i matrikkelen, må dette gjerast på papir for eigedomar som skal tinglysast fra 16. desember og fram til nyttår. Kommunen kan godkjenne desse manuelt i denne perioden. Konsesjonsavklaringa må sendast inn til Kartverket i same konvolutt som heimelsdokumentet. Behandling av konsesjon er skildra nærare på våre nettsider.
  • Ingen rapportar frå Kartverkets matrikkelklient kan takast ut i perioden 13. desember kl. 18.00 til 2. januar 2020.
  • Ingen tinglysing, korkje elektronisk eller på papir i perioden 27. desember kl. 20 til 2. januar 2020. 
  • Mottekne papirdokument 27. desember vil få prioritet 27. desember 2019 kl. 21.00.
  • Mottekne papirdokument etter 27. desember vil få prioritet 2. januar 2020 kl. 21.00.
  • Elektronisk tinglysing stengast heilt 27. desember kl. 20.00, og opner att 2. januar 2020.

Kvifor?

  • Sikre at kommune- og regionreguleringane blir teke hand om i matrikkel og grunnbok fra 1. januar 2020, når reformane trer i kraft
  • Redusere risiko og sikre kvalitet for 110 millionar dataendringar i matrikkel og grunnbok
  • Redusere risiko ved digital flytting av 3,6 millioner innbyggjarar
  • Sikre at andre aktørar får tid til å førebu systema sine med data frå matrikkel og grunnbok

Med venleg helsing

 Kartverket.png