Erstattning for tap av sau på utmarksbeite

Tap av sau på utmarksbeite som ikkje kan forsikrast gjennom ei allment tilgjengeleg forsikringsordning kan dekkes av denne ordninga. Dyr på innmarksbeite kan forsikrast gjennom alminnelege forsikringsordningar og er ikkje omfatta av ordninga. Det vert ikkje, etter denne ordninga, gjeven erstatning for tap forårsaka av freda rovvilt.
Klikk her for meir informasjon....

Søknad og søknadsfrist

Frå søknadsomgangen 2007 er det føretatt ei samordning hjå Fylkesmannen av både søknadar om erstatning etter rovvilttap og erstatning for tap av sau på beite. Saueeigarane som kan ha rett til erstatning etter begge ordningane, og søkje om dette, får prøvt si sak i forhold til begge regelverk.

  • Fristen for søknadar som skal behandlas etter begge regelverk vil vere 1. november.
  • Dersom ein berre skal søkje erstatning for tap av sau på beite (ikkje freda rovvilt) må søknaden være mottatt hjå kommunen innan 31. desember det året tapet har oppstått.

Føretaket må dokumentere tap av sau på beite i søknaden. Tilsynsfrekvens og tiltak i beiteområdet skal dokumenteras ved regelmessig ført logg eller ved attestasjon frå kommunen.
Klikk her for søknadsskjema...