Dei som har bestilt fiberabonnement skal ha fått skriv frå Telenor om installasjonsfasen. Meir info om denne fasen er tilgjengeleg på http://www.telenor.no/privat/internett/fiber/ og tlf. 915 09000.

Vi oppmodar alle nye fiberabonnentar om å gå gjennom sine noverande abonnement når det gjeld tv-tilbod og internett. Då kan du få sagt opp unødige abonnement tidlegast råd, slik at du i størst mogleg grad unngår å betale for fleire abonnement enn ynskjeleg.

Kommunen får framleis spørsmål frå interesserte i dei aktuelle utbyggingsområda (https://www.gulen.kommune.no/fiberbreiband-2019.6204253-110227.html) som ynskjer fiberbreiband. Prosjektet har no kome så langt at nye kundar ikkje har høve til å kople seg på før etter ferdigstilling av prosjektet, då fiberbreiband vil kunne bestillast til vanlege vilkår gjennom Telenor sine nettsider. Bestillingane vert då handtert fortløpande som ''fortettingssaker''.