Har du øvd på noko på kulturskulen? Har du ein hobby du likar å drive med? Har du opptredd med noko i 4H eller på skuleavslutning? Bruk det vidare.
I Gulen har vi workshops i forkant av lokal mønstringa. Her kan du komme i gang, få rettleiing, lære nytt, eller berre gjere det du likar saman med andre.

Workshops har påmeldingsfrist 14.01.2019 til Vivan Våge.

  • Dans (streetdance/disco funk) v/ Irmelin Gripsgård.
    Torsdag 17.01.2019 kl.18-21 og søndag 20.01.2019 kl 11-14
  • Foto/media v/ Gøril Sætre
  • Trygg på scena v/ Sirianne Dingen
  • Kunst v/ Susan Norman
    Alle desse tre går parallellt; fredag 18.01.2019 kl 18-21 og laurdag 19.01.2019 kl.11-15.
  • Musikk - band v/ Jon Martin Skauge
    Søndag 20.01.2019 kl 14-17 og måndag 28.01.2019 kl 19-22.

Les meir om Workshop for dans her, Workshop for foto/media-scena-kunst her, og Workshop for musikk-band her

Lokal mønstringa vår er 15. februar, påmeldingsfrist 1. februar. Meld deg på på ukm.no og finn ditt lokal UKM.

På lokalmønstringa får ein tilbakemelding på det ein gjer, alle får ei rose, og ingen vinn eller taper. Vi plukkar ut nokre som får representere Gulen på fylkesfestivalen. 
Ved spørsmål, kontakt Bastian Steine, Natalie Daae Angeltvedt eller Vivan Våge.

Ta med mat og drikke!
Aldersgruppe er 10-17 år

Påmelding; vivian.vage@gulen.kommune.no eller sms med namn og alder til 92 62 26 07 (Vivian) innan 14.01.19