Me vil at du skal setja eit punkt i kartet der du vil at det skal koma breiband. Merk om du har husstand, fritidsbustad eller er i ei verksemd som treng breiband.
Slik registrering vert ope fram til 15. januar 2019.
Opplysningane frå registreringa vert eit viktig grunnlag for planen og søknad om midlar; bruk høvet til å få di bygd med.

Du finn ein kort instruksjonsfilm om korleis du kan plotte i kartet her.
Sjølve kartet å plotte i er på denne adressa.

Treng du hjelp frå Gulen kommune for å plotte ynskjet ditt kan du mellom 7. og 15. januar ta kontakt med Willy-Andre Christensen, tlf. 57782040.

Kartet vil syne alle plott. Det syner óg dei områda som inngår i avtale med Telenor om utbygging, som du kan finne meir informasjon om her: Utbygging av fiberbreiband i Gulen kommune