For dei som skal møte på helsestasjonen, planlegg me drifta for å redusere smitterisiko:

  • Ingen som er sjuke uansett årsak skal komme
  • Ingen i karantene pga Covid-19 skal komme
  • Søsken bør ikkje vere med på helsestasjonen
  • Dersom mogleg, kun ein voksen følgjer barnet
  • Ta med eigen leike. Alle våre leikar er fjerna.

Dersom ein har spørsmål, ta kontakt på telefon eller e-post. 

Helsestasjonen føl oppdateringane frå Helsedirektoratet, det kan bli endringar etter kvart som situasjonen endrar seg.

Er du bekymra for eit barn eller ungdom, ta kontakt med helsestasjonen, eller ring Alarmtelefon for barn og unge: 116 111.

Gulen helsestasjon v/  Linda og Hennie

Linda Hantveit: tlf: 41 46 41 16  E-post: linda.hantveit@gulen.kommune.no
Hennie Lefdal: tlf: 97 97 57 60  E-post: hennie.lefdal@gulen.kommune.no

For meir informasjon om skulehelsetenesta sjå skulane sine heimesider.