Etter at ein har starta Vipps på telefonen eller nettbrettet, vel ein Kjøp og Betal og Søk etter Gulen kommune. Evt. skriv vippsnr.

Det er pr no lagt inn desse 4 mottakarane:
119301 Gulen kommune
123265 Gulatinget Tusenårsstaden
123949 Fredheimtunet, aktivitetssenter
132547 Dagsenter Gamlestova

Når ein vel Gulen kommune kan ein vidare klikke "Utforsk butikken".. Her finn ein dei ulike gåve-formåla som er mest i bruk.
Det finst og slik ekstra meny når ein vel Fredheimtunet aktivitetssenter. Der ligg varelista med prisar.

Viss ein overfører beløp til Gulen kommune er det veldig viktig å skrive kva formål ein overfører til slik at den rette avdelinga får pengane sine. Dette gjeld sjølvsagt også ellers, om ein berre betalar i nettbanken.

Det blir automatisk trekt gebyr på ca 2% av beløpet som vert betalt via Vipps. Vi tilrår difor at større overføringar blir betalt i nettbanken som før.

Hugs at fakturaer frå kommunen ALDRI skal betalast med vipps, om ein ikkje har fått fakturaen automatisk tilsendt dit.

Viss du får faktura til vipps og ikkje ønskjer den der, må du sjølv gå inn på profilen din, velge Betalingsvalg og slå av valget: Motta regninger i Vipps.

Ta kontakt med økonomiavdelinga om de lurar på noko ved dette.