Det vert opna for føresettepålogging i det nye systemet i slutten av august. Den nøyaktige datoen vil de få melding om frå den einskilde skule då det kan variere noko om når dei er klare. Der vil de også få informasjon om nettadressa. I den nye løysinga har føresette ansvaret for at kontaktinformasjonen (adresse, mobilnr., epost..) er oppdatert. Alle skal logge seg på Visma flyt skole via «Min id»/ID-porten.

I den nye løysinga kan du mellom anna:

  • Endre kontaktinformasjon
  • Søkje permisjon for elev
  • Søkje om plass på SFO, eller endre plasstype
  • Sjå karakterar og vurdering
  • Melde fråvær og sjå fråvær
  • Sjå timeplan
  • Sjå alle søknader brev og meldingar
  • Sjå SFO-informasjon og faktura

Innloggingssida til Visma Flyt Skole: skole.visma.com/gulen
Brukarrettleiing for føresette
App Min Skole - korleis ta den i bruk
App Min Skole - Visma si informasjonsside
Meir informasjon om Visma Flyt Skole