HeimNyheiterHamnespy

Hamnespy

Hamnespy (didemnum vexillum) populært kalla «japansk sjøpung» er ein framand art i norske sjøområder. Den har svært stor spreiingsevne og den dekker botnen slik at anna liv må gje tapt. Artsdatabanken karakteriserer den med «svært høg risiko»

Hamnespy formeirer seg raskt. Den kan 11-doble storleiken på koloniar på 2 veker. Arten har fleire måtar å formeire seg på; og sannsynlegvis er det meste av spreiinga av aseksuell reproduksjon der individ vert delte eller klona.

Hamnespy er giftig og har ingen kjente eller naturlege rovdyr i Noreg. Sidan hamnespy også toler stor variasjon i temperatur, næring og salinitet (konsentrasjon av salt), så er det lite naturleg bestandsregulering av arten i Noreg.

Det er venta at arten kan vere problematisk i oppdrettssamanheng. Det teppeliknade «dyret» kveler artar som ligg under, t.d. skjell. Arten kan feste seg til tauverk og nøter.

Førebels er arten så ny i Noreg som «problem» at lovverket ikkje er heilt på plass. Arten er registrert i Fensfjordbasenget og slik sett nær for mange som brukar sjøen i Gulen. Då er det viktig å vere på vakt og så setje inn rådgjerder før problemet vert større.

Kva skal vi som brukar sjøen gjere?

Det kviler eit større ansvar på profesjonelle aktørar. Men alle med båt, fiskereiskapar og tauverk i sjøen, må hjelpe til slik at vi reduserer spreiing.

• Botnsmør båten: Båtar og utstyr som har vore vinterlagra på land er trygge. For å hindre groing av hamnespy tilrår miljødirektoratet å botnsmørje båten med anti-fouling maling før båten vert sett på sjøen.

• Båtar og utstyr som har lege i sjøen i vinter og båtar og utstyr med hamnespy, bør ein handsame på ein av følgjande måtar:

  • o Set båt og/eller utstyr på land ei veke.
  • o Heis opp og spyl eller skrap botnen av båten og/eller utstyret. Sørg for at groe og spylevatn ikkje renn ut i sjøen.
  • o Plasser utstyr med hamnespy i ferskvatn i minst 6 timar.

Kva gjer du?

Les meir om korleis du kan hindre at hamnespy spreier seg og korleis du melder frå om funn på miljodirekoratet.no

Plikt til aktsemd.

Alle har plikt til å unngå at framande artar spreier seg. Om du oppdager hamnespy, skal du gjere tiltak for å redusere risikoen for at arten spreier seg vidare.

Lenkjer:

Stopp spreiing av hamnespy

Vurdering av strakstiltak mot hamnespy

Hamnespy kan bli eit stort økologisk og økonomisk problem

Informasjonsplakat hamnespy 


Sist oppdatert: 11.04.2022
Publisert: 11.04.2022