HeimNyheiterKva skjer i Gulen i desember?

Kva skjer i Gulen i desember?

Aktivitetskalenderen finn du nede i høgre hjørnet på framsida. Trykk på «Sjå heile kalenderen» for å opne kalenderen. www.gulen.kommune.no/aktivitetskalender/

For å opprette ein ny aktivitet i kalenderen, trykk på «Opprett arrangement». Du får no opp ei ny side der du kan logge deg inn med e-post eller SMS, og få tilsendt ein kode for verifisering. Når koden er lagt inn kjem du til ei side der du legge inn informasjon om arrangementet.

Fyll ut:

  • Namn på arrangementet
  • Ingress – Kort innleiing om arrangementet
  • Beskrivelse av arrangementet
  • Nettside: Her kan du legg inn lenke til ei nettside/facebook-side der det står informasjon om arrangementet
  • Kategoriar: du kan velje om du vil hake av for type arrangement
  • Stad: du legge inn postnummer for arrangementet. Utan postnummer vert ikkje arrangementet publisert.
  • Tidspunkt: Legg inn tidspunkt for arrangementet
  • Legg gjerne inn kontaktperson
  • Fyll evt inn andre felt dersom du ynskjer det
  • Trykk publiser når du har fått lagt inn alle informasjonen
  • Når du har publisert arrangementet kan du gå til kalenderen på nettsida og sjå at arrangementet kjem opp i kalenderen

Om du treng hjelp til å opprette arrangement eller gjere endringar i aktivitetskalenderen kan du sende ein e-post med informasjon om arrangementet til postmottak@gulen.kommune.no


Sist oppdatert: 05.12.2022
Publisert: 05.12.2022