HeimNyheiterOppstart av felles sentralbord 23.09.2021

Oppstart av felles sentralbord 23.09.2021

Kommunane skal svare sentralbord for kvarandre, og målet er at ein større del av innbyggjarane skal få svar ved fyrste kontakt. Dette vil igjen gje meir effektiv saksbehandling. 

Dei av dykk som tek kontakt med kommunen på vårt sentralbordnummer
57 78 20 00 vil då oppleve at tilsette i Samnanger kommune
svara telefonen. I starten vil vi svare sentralbord og sette over til saksbehandlar, men etter kvart som dei tilsette på sentralbord får tilført meir kunnskap innan ulike fagfelt, vil vi kunne svare ut fleire telefonar 

Dette er ikkje ei flytting av arbeidsplassar. Dei tilsette skal jobbe i den kommunen som dei er tilsett i dag, og dei vil få eit større fagleg fellesskap, og auka kunnskap og kompetanse. Samarbeidet vil også redusere sårbarheit ved å få eit større fellesskap rundt innbyggjarbetening. 

Dette er eit stort prosjekt som vil påverke alle tilsette i kommunen og måten vi deler informasjon og kunnskap på. Prosjektet er også ein viktig del av dei andre digitaliseringsprosjekta som det vert jobba med i kommunen. Eit døme er den nye heimesida som inneheld god informasjon om dei kommunale tenestene. Vi har fokus på at det skal vere lett og finne fram til den informasjonen ein treng. Heimesida er under stadig utvikling og vi vil ta i bruk fleire digitale skjema og chatløysing for å hjelpe innbyggjarane og andre som treng informasjon om kommunale tenester

Pilotperioden vert veldig spennande, og vi har stor tru på at dette prosjektet vil auke servicenivået rundt innbyggjarbetening. 


Sist oppdatert: 19.09.2021
Publisert: 19.09.2021