HeimNyheiterSiste prosjektet for høgfarts breibandtilbod til alle faste husstandar i Gulen er snart i mål.

Siste prosjektet for høgfarts breibandtilbod til alle faste husstandar i Gulen er snart i mål.

Nord- og sørøyane (Hille-Koksøyna), Svinøyna, Grønevikneset, Fonna og Vesetvika og nærliggjande område vert, om alt klaffar, knytt til fibernettet i slutten av dette året, og fristen for å bli med i første runde er sett til 15.9.


Fastbuande og verksemder i desse områda vil då kunne abonnere på lynrask fiber og Altibox tv-tilbod. Oppdaterte Nettstar-meldingar om utbygginga i Gulen ligg her. Nettet vert eigd og drifta av Nettstar, men utbyggingsprosjektet er tinga av Gulen kommune, og både staten og fylkeskommunen er med på finansieringssida, i tillegg til at leverandøren sjølv satsar. Det er avtalefesta at nettet skal vere operativt i minst 20 år og levere tenester i samsvar med nasjonal marknadsstandard i kommersielle område, og at andre skal kunne leige nettkapasitet til ikkje-diskriminerande vilkår (grossisttilgang).
Nettstar kan og vere interessert i å levere til fritidsbustader og andre interessentar som ligg lagleg til, og oppmodar om å ta kontakt via nettsida til Nettstar eller på tlf. 56 37 05 00.

Full fiberdekning har vore eit tverrpolitisk mål denne kommunestyreperioden, og er oppnådd gjennom tre prosjekt; dei to første med Telenor som leverandør og det siste med Nettstar som leverandør. Begge leverandørane skal også kunne levere til nye interessentar innafor dekningsområda i åra framover. Dei siste åra har høgfarts breiband i stadig større grad blitt sett på som ei heilt grunnleggjande infrastruktur for busetting og arbeidsliv, og behovet for fiberkapasitet er venta å auke vidare framover, sjølv om andre løysingar som til dømes mobil 5G vert stadig meir utbreidd.

At det no er fibernett i alle delar av Gulen gjer det enklare og rimelegare å etablere nye framtidsretta tilbod nær sagt over alt – nettbasert undervisning, velferdsteknologitilbod, teknologibaserte verksemder, fiber til hyttefelt og nye bustadfelt, nye mobilsendarar og anna.
Dette er venta å vere viktig for utvikling av både kommunen, næringslivet og samfunnet elles i åra som kjem.


Sist oppdatert: 06.09.2023
Publisert: 05.09.2023