HeimBarnehageRedusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Slik søkjer du

Trykk her for å søkje om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid

  • Søknader som kjem før 1. juni gjeld frå 1. august og ut barnehageåret.
  • Søknader som kjem frå 1. juni gjeld frå første heile månad etter søknadstidpunktet og ut barnehageåret.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • Maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • Den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn 592 167  kroner

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 566 100 per år som har 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.

Frå 1. august 2021 vert inntektsgrensa sett til 583 650 kroner.

Makspris

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen frå 1. januar 2021 er 3 230 kroner per månad.

Dersom kommunen skriv vedtak om redusert foreldrebetaling/ gratis kjernetid vil barnehagen trekkje dette frå på rekninga.

Maksprisen gjeld alle typar barnehagar, uavhengig om dei er offentlege eller private. Grensa vert fastsett av Stortinget. Barnehagane kan kreve betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen

Les meir

Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 17.04.2018