HeimBarnehagePedagogisk-psykologisk teneste

Pedagogisk-psykologisk teneste

PP-tenesta

PPT Fensfjorden er ei felles teneste for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen og Masfjorden. 

Kva gjer PP-tenesta?

Barn/elevar kan på eit eller anna tidspunkt i utdanningsløpet trenge ekstra hjelp og støtte i kortare eller lengre periodar. Døme på særskilte behov kan være:

  • språk- og kommunikasjonsvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syn- og høyrslevanskar
  • lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • ulike typar utviklingsvanskar

Barnehagelova og Opplæringslova fortel ikkje kva særskilte behov som kvalifiserer til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Det er ikkje avgjerande med diagnose, og PPT må vurdere i kvart enkelt tilfelle kva som er behovet.

PPT skal også gjere sakkunnige vurderingar ved søknad om tidleg eller utsett skulestart og spesialundervisning for vaksne med særskilte behov.

Les meir på utdanningsdirektoratet si side

 Korleis arbeider PPT-kontoret?

Austrheim PPT er tett på barnehagana og skulane og møter jamnleg i oppveksteininga sine ressursteam. Vi arbeidar saman for å utvikle tilbodet til born og elevar og drøfter tiltak både på individ- og systemnivå.

Tiltaka kan vere innanfor det ordinære barnehagetilbodet/opplæringstilbodet. Dersom barnet eller eleven sine behov ikkje kan løysast innanfor det ordinære, kan PPT gjere ei sakkunnig vurdering ved å kartleggje barnet sine utfordringar, og uttale seg om behova.

Har du eit born som ikkje har eller kan få utbytte av barnehagetilbodet/opplæringstilbodet, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning. Hos den vaksne er kravet at det tilbodet ein set i gang, skal gjere ei vesentleg endring for personen.

Korleis får ein hjelp?
  • Ta kontakt med barnehage/skule, slik at utfordringa kan drøftast i ressursteamet. 
  • Barnehage eller skule gjer sine undersøkingar og prøvar ut tiltak.
  • Dersom tiltaka ikkje hjelper barnet ditt, tar barnehagen/skulen kontakt med PPT og drøftar saka i eigne møte. PPT gjev råd om vidare tiltak, og vurderer eventuelt behovet for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. I ei sakkunnig vurdering, som byggjer på kartlegging av barnet sine styrker og utfordringar, vert det gjeve råd til kva type tilbod barnet ditt bør få.
  • Som føresett vert du etter tilmelding kalla inn til ei inntakssamtale, der ein går gjennom utviklingshistoria til barnet, innhaldet i tilmeldinga og legg plan for løpet vidare.
  • Dersom den sakkunnige vurderinga konkluderer med rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, skal føresette sende søknad til barnehagen/skulen – dette vil den enkelte eining gje nærare opplysningar om.
Tilmelding til PPT

Tilmelding til PPT: Skjema for føresette  
Vert sendt til Gulen kommune for vidare behandling. 

Innmelding av systemsaker (for barnehagane og skulane):
Skjema for systemsaker

Logopedtenester

PPT Fensfjorden tilbyr utøvande logopedtenester for barn, elevar og vaksne etter helselovgiving og opplæringslova. 

Tilvising til logoped: Skjema

Kontaktinformasjon

Telefon: 56 16 20 00

Postadresse: Sætremarka 2, 5943 Austrheim


E-post: post@austrheim.kommune.no

eller bruk:

eDialog - sikker innsending av dokument til Fensfjorden PPT

Organisasjonsnummeret til Fensfjorden PPT er 991 038 841
 

  • Audhild Kolås
    Leiar/Pedagogisk- psykologisk rådgjevar

  • Hanne Britt Vikebø
    Logoped

  • Gro Sandnes
    Pedagogisk- psykologisk rådgjevar/logoped

  • Mariann Litleskare
    Pedagogisk - psykologisk rådgjevar

  • Erlend Torset
    Pedagogisk - psykologisk rådgjevar
Samarbeidspartnarar

PPT samarbeider med andre kommunale tenester som barnevern, helsesjukepleiar og kommunepsykolog. Eksterne samarbeidspartnarar er til dømes Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk for Nordhordland (BUP), SAPT og Statped Vest.

Elev i vidaregåande skule?

Elevar i vidaregåande skule må vende seg til den fylkeskommunale tenesta.

Kva seier lova?

Lovgrunnlag

Opplæringslova §5-6/ barnehagelova §19
PPT skal hjelpe barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn/elevar med behov for særskilt tilrettelegging. PPT skal sørgje for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering (Opplæringslova §5-3 og barnehagelova §19a og 19d) der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Opplæringslova

Barnehagelova


Sist oppdatert: 21.12.2021
Publisert: 21.12.2021