Gulen sjukeheim

Gulen sjukeheim ligg i  Eivindvik, kommunesenteret i Gulen kommune. Sjukeheimen ligg høgt plassert og har god utsikt både mot Eivindvik sentrum og mot sjøen. Sjukeheimen har ein tilrettelagt sansehage på baksida. Nyleg er det laga en flott tursti som går rett bak sjukeheimen, denne er og tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Sjukeheimen har 2 avdelingar, og eige kjøkken og vaskeri. Frå sjukeheimen er det kort veg til Eivindvik sentrum, 5-10 minutt spasertur til butikk, legekontor og bank. Det er 2,4 km til hurtigbåtkaia i Sollibotn der det er daglege avgangar til og frå Bergen og Måløy.

Fakta om sjukeheimen: 

  • Langtidsavdeling og rehabilitering vert drifta som ein avd. med inntil15 plassar
  • Dementavdelinga har 8 plassar
Kontakt

Hovudtelefon inn til sjukeheimen er 57 78 16 00, ein kjem då til ein telefonsvarar og vel kva avdeling ein ønskjer å ha kontakt med.

1: Administrasjon/sentral som er konsulent eller einingsleiar, 2: langtidsavdeling og rehabiliteringsavdeling 3: dementavdeling 4: Kjøkken.
Kl 22-08 vert ein henvist til nattevakt.

Ved spørsmål kan ein ta kontakt med Heidi Halland(konsulent) på
telefon 57 78 16 00 (01) / 45 87 15 70.
Ho er tilgjengeleg måndag, tysdag, torsdag og fredag mellom kl 09.00-15.00. 

Utanom kontortid kan ein ringe hovudtelefon eller direkte til avdelingane:

Kontakt einingsleiar, nestleiar og avdelingssjukepleiarar
  • Langtidsavdelinga
    Avdelingssjukepleiar Sissel Anita Kvame (sjå kontaktinfo over)                
Adresse
  • Gulen sjukeheim 
    Eivindvikvegen 1149
    5966 Eivindvik
Kompetanse

Vi har god fagkompetanse med ulik bakgrunn. Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, assistentar, servicearbeiderar (reinhaldarar med frukostvertfunksjon), kokkar og aktivitør. Vi har lærlingar og praksiskandidatar innan helsefag samt elevar på utplassering. Vi er og tilknytt ergoterapeut, fysioterapeut og faste sjukeheimsleger.

Tilbod

 

  • Sansehage
  • Frisør
  • Fotterapeut
  • Fysioterapeut
  • Ergoterapeut
  • Treningsmoglegheiter
  • Aktivitør
  • Lindrande rom med tilknytt pårøranderom

 

Måltid

Gulen sjukeheim har eige storkjøken som lager middag til alle pasientane på sjukeheimen, samt dei som har middagslevering ute i sone Eivindvik.

Tidspunkt for måltida:

  • Frukost:        09.30
  • Mellommat: 12.30
  • Middag:        14.30 (onsdagar 13.45)
  • Kaffi:             17.00
  • Kvelds:          19.30
Aktivitetar

Vi tilbyr ulike aktivitetar og kulturarrangement på sjukeheimen. Vi har egen aktivitør i 50 % stilling som tilbyr alt frå gruppeaktivitetar til individuelle aktivitetar. Vi har godt samarbeid med ulike aktørar som frivilligheitssentralen som mellom anna organiserer ulike underhaldningar til oss gjennom den kulturelle spaserstokken. Vi har lokale foreiningar og organisasjonar som t.d held juletrefest for oss.

Vi har fast tysdagstrim på avdelingane.

Vi har moglegheiter for trening i avdelingane på Motiview-syklar, vi har fått laga filmar frå dei 4 bygdesentera i Gulen kommune, Eivindvik, Brekke, Dalsøyra og Byrknes slik at ein no kan sykle på tur innandørs på kjente stiar.

Vi har ein taxa-sykkel til utandørs aktivitet. Elektrisk sykkel med plass til to passasjerar. Ein personale kan sykle på tur med opptil to pasientar. Den kan vi bruke på turar i nærområdet her i Eivindvik.

Vi har Ipad-ar for videosamtalar med pårørande og andre aktivitetar på alle avdelingar.

Både dementavdelinga og langtidsavdelinga har utgang rett til sansehagen. I sansehagen er det asfalterte gangvegar med lys, benkar å kvile på, blomster, frukttre, bålpanne m.m.

I tredje etage har vi ein stor takterrasse. Denne blir brukt mykje på vår og sommar, både til kos og ulike ute-arrangement.

Vi har tett samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut, t.d faste tverrfaglege møter og ergonomiopplæring.

Vi har «gamlestova». Stova på tidlegare aldersheimen som er pussa opp av sanitetslaget, den har nydeleg utsikt til fjord og fjell. Den blir brukt som besøksrom, selskap/feiringar, møter osv. Dagsenteret for heimebuande demente nyttar stova måndagar og torsdagar (kl.9-15). Stova blir no brukt som besøksrom i forbindelse med restriksjonar i forhold til Covid-19. God plass med tilpassa avstand.       

Fotterapeut og frisør etter behov.


Sist oppdatert: 23.11.2021
Publisert: 25.11.2020