Gulatinget 2024

Dette året vil Gulatinget vere staden for samtalar mellom folk, folkevalde, forskarar, forfattarar, kunstnarar og engasjerte samfunnsdebattantar frå heile Noreg.

Det er med stor glede at vi kunngjer at Eva Joly, Cecilie Hellestveit, Jørn Øyrehagen Sunde, Ánde Somby, Dag Wollebæk, Jostein H. Kobbeltvedt, Line Khatib, Trygve Svensson, Elisabeth Ivarsflaten, Ingeborg Breines, Leonora Onarheim Bergsjø og Berit Reiss-Andersen, for å nemna nokon av foredrags-haldarane, kjem til Gulatinget 2024.

Dei skal formidla tankar, idear og kunnskap om folkestyre, tillit og fred, og Hilde Sandvik vil stødig styra dei to dagane med jubileumskonferanse.

Desse markante tenkjarane og samfunnsdebattantane ser med begeistring på prosjektet Gulatinget 2024. Det er ikkje tilfeldig. Diverre er det meir aktuelt enn nokon gong å diskutera korleis det står til med demokratiet vårt. For å få meir forståing av dette, må vi evna å sjå både bakover og framover i tida. Vi har stor von om at seminaret skal gi oss innsikt og auka forståing av korleis det står til med folkestyret vårt, tilliten i samfunnet og vår draum om fred i verda?
Kva fins av lærdom i historia vår og fins det noko som kan styrkja oss i håpet om framtida?

Her kan du sjå programet for Gulatinget 2024

 


Sist oppdatert: 27.02.2024
Publisert: 27.02.2024