Jegerprøven

Kven kan ta jegerprøven?

Alle som er fylt 16 år og vil drive jakt og fangst, og som ikkje allereie er registrerte i Jegerregisteret, må bestå jegerprøven før dei utøver jakt, felling og fangst. For å bli registrert må du gjennomføre eit obligatorisk kurs på 30 timar, og du kan avleggje eksamen det kalenderåret du fyller 14 år.

Når kan du jakte?

Etter å ha gjennomført og avlagt eksamen for jegerprøven blir du registrert i Jegerregisteret, noko som gir deg rett til utøving av småviltjakt og fangst når du er fylt 16 år. Ved fylte 18 år kan du òg jakte på storvilt.

Slik går du fram

Oppedal/Brekke skyttarlag saman med Gulen jeger- og sportsfiskarlag arrangerer kurs, som gjer at du kan gå opp til jegerprøveeksamen.

Kontakt: Bjørn Ingvar Oppedal 
              Epost: bjingvar@gmail.com 
              Mobil: 90 99 50 42

Kurstid: Kursa pleier vere i august. Ta kontakt med kurshaldar i god tid.

Pris kurs: kr 2000,- ( kan verte endra)

Pris eksamen: kr.  300,- for kvart forsøk

Kven arrangerer eksamen? 

Gulen kommune arrangerer jegerprøveeksamen.
Kontakt Halvor L. Brosvik
             Epost: halvor.langeseth.brosvik@gulen.kommune.no
             Tlf: 57782051, mob: 91626358


Kvar vert eksamen arrangert?

Eksamen vert vanlegvis arrangert på Eivindvik barne- og ungdomsskule. Men ein av dei andre skulane i kommunen kan også nyttast.

Når er det eksamen? 

Eksamen pleier vere i månadsskiftet august/september

Meir om jegerprøven finn ein på miljødirektoratet sine heimesider. 


Sist oppdatert: 07.12.2020
Publisert: 02.08.2018