Kunnskapsprøvane
Vi har tre ulike kunnskapsprøvar
- Ein for salsbevilling i butikk
- Ein for skjenkebevilling på restaurant/bar/pub
- Ein for skjenkekontrollørar
Kven kan ta kunnskapsprøvane?
Alle kan ta kunnskapsprøvane.
Skal du søkje om å bli godkjent som styrar eller vikar for styrar på ein stad med sals- eller skjenkebevilling, må du først stå på prøven.
Kor tar du prøvane?
Ta kontakt med sentralbordet på telefon 57 78 20 00 for å avtale tid og stad for gjennomføring av prøve.
Gjennomføring av prøvane
- Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førarkort eller bankkort med bilde som gyldig legitimasjon.
- Det kostar 400 kroner.
- Prøven er ein fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål.
- Prøven er på norsk. Det er lov å ta med ordbok.
- Du kan ta prøven på nytt heilt til du klarar det. Det kostar 400 kroner kvar gong.
Tilrettelegging ved spesielle behov
- Har du dysleksi, kan du ta kunnskapsprøven munnleg (du må ha legeattest).
- Har du andre utfordringar legg vi til rette så godt vi kan. Dette må avtalast på førehand.
Kva er pensum?
Pensum for skjenkebevilling
- alkohollova kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9
- alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14
- du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmingar
Pensum for salsbevilling
- alkohollova kapittel 1, 3, 7, 8 og 9
- alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14
- du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmingar
Læremateriell (pensumhefte, nettkurs og test-deg-sjølv) kan du kjøpe på www.vinn.no
Alle lover og forskrifter finn du på www.lovdata.no.
Prøvebevis
Alle som klarar kunnskapsprøven får eit prøvebevis. Det er det viktig å ta vare på beviset. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid.
Sist oppdatert:
11.03.2021
Publisert:
01.08.2018