Val

Kunngjering - Godkjende vallister til kommunestyrevalet 2023

Oversikt over godkjende vallister til kommunestyrevalet 2023 finn du her 

Listeframlegg til kommunestyrevalet 2023

Alle listeframlegg, med oversyn over representantar, vert lagt ut til offentleg ettersyn så snart dei kjem inn til kommunen.

Parti og grupper som ønskjer å stilla til val ved kommunstyrevalet 2023, må ha levert listeforslag til valstyret i kommunen innan 31. mars 2023 klokka 12.00.

Oversyn over listeframlegg til kommunestyrevalet:  

 

For partia - oppretting av listeforslag

Dei partia som skal stille liste ved kommunevalet i Gulen må levera listeframlegg innan 31.03.2023 klokka 12.00. Listeframlegga skal leggast ut på ettersyn etter kvart som dei kjem inn. 

Listeframlegga kan leverast på papir, men det kan også gjerast elektronisk, og den elektroniske løysinga vart opna 3. oktober 2022. 

Den elektroniske løysinga finn du her på nettsida til Valgdirektoratet, klikk på lenka for å gå dit (ekstern lenke)

Valkrinsar i Gulen

Kommunen har fire valkrinsar: 

  • Brekke
  • Byrknes
  • Dalsøyra
  • Eivindvik
Vil du røyste før valdagen? 

På valdagen må ein røyste i den kommunen der ein er folkeregistrert, men tidlegare på sommaren kan ein røyste også i andre kommunar der ein til dømes jobbar.

Tid for førehandsrøysting er delt i to periodar, tidleg- og ordinær førehandsrøysting.

Tidlegrøysteperioden startar måndag 3. juli og varer til onsdag 9. august. I denne perioden vert det mogleg å røyste på kommunehuset i Eivindvik, innanfor vanleg opningstid. For å avtale tid ta kontakt på telefon 57 78 20 00. 

Den ordinære førehandsrøysteperioden startar torsdag 10. august og varer til og med fredag 8. september klokka 15.00.
Meir informasjon om tid og stad for ordinær førehandsrøysting kjem. 

Treng du å røyste heimeifrå?

Er det vanskeleg for deg å ta deg til eit vallokale under førehandsrøysteperioden, eller på sjølve valdagen, skal du få tilbod om å førehandsrøysta heimefrå. Meir informasjon kjem. 

Nasjonal informasjon om valet

Her kan du lesa meir om val:

Regjeringen si side om val i Norge

Valg.no

 

 

 

 


Sist oppdatert: 16.05.2023
Publisert: 30.01.2023