HeimSkule og utdanningSkulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO)

Søknadsfrist

Søknadsfrist til SFO er 1. mars.

Slik søkjer du

Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO.

Kva kostar det?

Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter. 

Prisar på SFO-plass

 

Kroner

Heil plass

 

Heil plass (Over 12 t per veke)

3 360,- per månad

Matpengar (inkludert)

220,- per månad

Halv plass/Kjernetid

 

Halv plass/Kjernetid (Frå 2,5 t til og med 12 t pr. veke)*

2 350,- per månad

Matpengar (inkludert)

110,- per månad

Minste tilbod

 

Til og med 2,5 t per veke

775,- per månad

Matpengar (inkludert)

20,-

Enkeltdagar

 

Kjøp av enkeltdagar

445,-

Matpengar (inkludert)

37,-

Tilfeldige timar

 

Kjøp av tilfeldige timar

125,- per time

For sein henting

 

Kr per 15 minutt

183,- 

Moderasjon

 

Søskenmoderasjon

30% barn nummer 2
50% barn nummer 3 eller fleire

 * Barn på 1. og 2. trinn har frå 1. august 2022 rett på 12 timar gratis opphald på SFO i veka. 

Brukarbetaling vert kravd inn 9,5 månader pr. år; halv takst i august, desember og juni, betalingsfri i juli.

Redusert foreldrebetaling

Vi gir reduksjon i foreldrebetalinga for SFO, slik at den per elev utgjer maksimalt 6 % av inntekta til hushaldet.

Trykk her for å søkje

Trykk her for å lese meir om forskrifta på Lovdata.no

Gratis SFO for born med særskilde behov på 5. - 7. årstrinn.

Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for born med særskilde behov på 5. -7. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis, men kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Slik seier du opp plassen

Trykk her for søknad, endring av plass eller utmelding av SFO

Det er ein månads oppseiingstid.

Om tilbodet

Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver.

SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samarbeid med heim og skule, gi dei eit godt grunnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

  • Eit tilbod på skulen før og etter skuletid (i skulane i Gulen er opningstid kl. 7.30-kl.16.30)
  • Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
  • Ein kan berre kjøpe heile og regelmessige økter
Vedtektene våre

Trykk her for vedtekter for skulefritidsordninga i Gulen kommune

Kva seier lova?
Kontakt

Kontaktinformasjon til skulane


Sist oppdatert: 12.03.2024
Publisert: 07.06.2018