HeimVeg, vatn, avløp og bossVegHekk og trafikktryggleik

Hekk og trafikktryggleik

Reglar for fri sikt

Hekkar, buskar og tre må ikkje skjule vegmerking, trafikksikt, gatenamn, lysskilt eller belysning. Hugs at alle skal kunne sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle retningar, og kunne stoppe på ein tredjedel av avstanden mellom køyretøyet og barnet.

Tenk òg på at det langs vegen skal vere oversiktleg og enkelt å komme fram for mellom anna utrykkings­køyretøy og renovasjonsbilar.

Kva må du gjere?

Kommunen ber alle grunneigarar om å klippe sine hekkar, buskar og tre slik at desse ikkje fører til fare langs vegen.

Sjå også informasjon frå Statens Vegvesen om reglar for klipp av hekker og busker.

Kva seier lova?

Krav til «frie siktsoner» er gitte i veglova, i avkøyringsløyve og i reguleringsplanar. Kommunen kan påleggje grunneigar å klippe, skjere eller flytte vegetasjon som skaper sikthindring.


Sist oppdatert: 17.03.2023
Publisert: 10.10.2018