Skulehelsetenesta

Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei høyrer til. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremje barn si helse og trivsel, samt førebygge sjukdom og skade. Tilbodet er gratis. Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule.

Helsesjukepleiarar på skulane

Kontordag Helsesjukepleiar e-post Telefon
Brekke skule tysdag Elizabeth Rahner  elisabeth.rahner@gulen.kommune.no 48 49 79 57
Byrknes skule torsdag Hennie Lefdal  hennie.lefdal@gulen.kommune.no 97 97 57 60
Dalsøyra skule torsdag Linda Hantveit  linda.hantveit@gulen.kommune.no 41 46 41 16
Eivindvik skule torsdag Elizabeth Rahner  elisabeth.rahner@gulen.kommune.no 48 49 79 57

Elisabeth Rahner tek deltidsutdanning som helsesjukepleiar. Dei vekene ho er vekke, vil Linda og Hennie vikariere for Elisabeth: Linda på Brekke skule, Hennie på Eivindvik skule.
Sjølv om vi har faste kontordagar på alle skulane, vil vi minne om at vi er tilgjengeleg på telefon alle andre dagar, for elevar, føresette og lærarar. Kontortid: kl 08:00 – 15:30.


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 28.06.2018