Nordhordland legevakt

OBS: På grunn av koronasituasjonen er det viktig at du ringer 116 117 før du evt. kjem på legevakta.

Kontakt oss

  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsevesenet. Du bør alltid ringe til fastlegen først, om det er mogleg.
  • Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. 
  • Ring 113 ved livstruande skade eller sjukdom

Opningstider

Legevakta er døgnopen. Du må ringe før du kjem. Ein sjukepleiar svarar på telefonen, og vil vurdere kor mykje det hastar for deg å få hjelp. Alle telefonsamtaler til Nordhordland legevakt blir lagra på lydlogg.

Besøksadresse

Den nye adressa i Knarvik er Kvassnesvegen 40. Legevakta er lokalisert i 1. etasje, ved inngang til venterom ved heis/trapp A.

Når du kjem inn hovudinngangen på vestsida av helsehuset, er det godt merka inn til legevakta. 

Kva kostar det?

  • Nordhordland legevakt krev betaling etter faste takstar. Om du betaler kontant eller med kort, unngår du faktureringsgebyr.
  • Prisliste heng på venterommet.
  • Ta med eventuelt frikort.
  • I nokre tilfelle kan du få refundert transportutgifter. Det kjem an på kor alvorleg tilstanden din er.
  • Telefonrådgiving er gratis.

Kva kan vi hjelpe deg med?​

Nordhordland legevakt gir hjelp med helseproblem, som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Her er nokre eksempel:

  • Smerter i brystet eller magen
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom/skade eller alvorlig forverring
  • Nedsett allmenntilstand hos barn
  • Alvorlig psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskader som må syast

Legevakta er ikkje meint for deg som har ein vanlig forkjøling eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.

Om du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare

På Nordhordland legevakt hjelper vi alltid dei sjukaste først. Pågangen varierer, og legen kan også bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan vi ikkje gje deg ein "fast" time. Om du må vente, er det fordi vi prioriterer andre som kanskje er i livsfare.

Parkering

Det er mogleg å parkere i underetasjen til helsehuset. Nedkøyringa til parkeringsgarasjen er på austsida av bygget. Gå til trappehus A og ta trapp/heis opp til 1. etasje.

Det er parkeringsavgift i garasjeanlegget. Den første timen vil vere gratis, og etterpå vil det bli ei avgift på kr 12,50 per 30 minutt. Det vil vere gratis å parkere frå klokka 17:00 til 08:00 på kvardagar. Det er også gratis i helga.

Betalinga skjer gjennom systemet Sesam Sesam, som automatisk registrerer bilskilt og sender faktura i ettertid. Har du lasta ned Sesam Sesam-appen eller Easy Park-appen vert betalinga trekt automatisk frå kortet ditt. 


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 29.06.2018