Smittesituasjonen i Gulen kommune 24.01.2022

Vi ber alle om å forhalde seg til nasjonale retningsliner, og minne spesielt om desse retningslinene:

  • Alle bør teste seg og halde seg heime ved symptom på covid-19
  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Hald minst 1 meters avstand til dei du ikkje bur saman med
  • Redusere tal nærkontaktar
  • Påbod om bruk av munnbind på kollektivtransport, i taxi, butikkar eller andre situasjonar der ein ikkje kan halde avstand.

Trykk her for å lese alle nasjonale retningsliner.


Er du smitta med covid-19 skal du gje beskjed til Gulen legekontor på
telefon 57 78 10 90. Kommunen jobbar med ei løysing der du som innbyggjarar skal rapportere inn dersom du har positiv hurtigtest. Denne løysinga er på plass innan kort tid, og kommunen vil då kome med meir informasjon.


Me er alle særs redde for å få smitte inn på sjukeheim, bu- og omsorgssenter eller til sjuke heimebuande, og me vil difor gjenta oppmodinga vår til helsepersonell. De er nøkkelpersonar for å unngå ein slik situasjon, helsepersonell må difor vere særleg merksame på å unngå smitterisiko på fritida.

Ta heller ein telefon eller bruk videosamtaler framfor å oppsøkje nokon som kan utgjere ein smittefare for deg. Ikkje oppsøke områder med stort smittetrykk eller smittesituasjonar som større butikkar/varehus der det er vanskeleg å halde anbefalt avstand.


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 24.01.2022