testerGulenHelse, sosial og omsorgKoronaTreng du nokon å snakke med?

Treng du nokon å snakke med?

Er du under 18 år?

Treng du nokon å snakke med?

Treng du nokon å snakke med?

Er du bekymra for eit barn?

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at nokon familiar og barn treng ekstra merksemd. Vi er alle sårbare i ein slik situasjon og for nokon blir denne perioden ekstra vanskeleg.

Har du det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis andre har det? Meld frå til barneverntenesta.

Alle som jobbar i barnevernet har teieplikt.

Slik melder du frå på dagtid på kvardagar

Kontakt barnevernstenesta i kommunen

  • Telefon til kontoret: 57 78 20 60
  • E-post: jane.hesjedal@gulen.kommune.no
  • Besøksadresse: Fensfjordvegen 621, 5986 Hosteland
  • Postadresse: Barneverntenesta i Gulen og Masfjorden, Postboks 7, 5987 Hosteland
  • Opningstider: Måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00 (Barneverntenesta jobbar i hovudsak der barnet er- difor er me ikkje alltid på kontoret. Avtal gjerne møter på førehand)

Slik melder du frå på kveld, i helger og på heilagdagar

  • Ring Alarmtelefonen for barn og unge telefon 116 111
  • Ring politiet på telefonnummer 02800 dersom det gjeld ei akutt alvorleg krise

Alarmtelefonen vil i samtalen med deg vurdere om det er trong for akutt hjelp, gje deg råd og rettleiing og bringe vidare bekymringa di til barneverntenesta i kommunen.

Lurar du på noko?

  • Gå til Helsenorge og Folkehelseinstituttet sine nettsider for oppdatert informasjon: www.helsenorge.no og www.fhi.no
  • Finn du ikkje svar på nettsidene, ring den nasjonale informasjonstelefonen for koronavirus: 815 55 015
  • Du kan også ringe frivilligheita sin koronalinje på 23 12 00 80. Telefonen er open frå klokka 09.00 til 15.00 alle dagar og blir drifta av "Nasjonalforeningen for folkehelsen", "Norske Kvinners Sanitetsforening" og "Landsforeningen for hjerte- og lungesyke".

Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 18.03.2020