Har du testa positivt?

Dersom hurtigtesten din er positiv er det vikitg at vi får beskjed. 

Trykk på denne lenka for å registrere positiv hurtigtest: https://hjemmetest.remin.no/gulen

Dersom du har problem med registreringa ring Gulen legekontor på 
telefon 57 78 10 90. 

Kor lenge bør du vere heime?

Dersom du har symptom:

Du bør halde deg heime i minst 4 døgn frå tidspunktet symptoma starta. Du bør vere feberfri i minst 24 timar, utan å bruke febernedsettande medisin. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.

Dersom du ikkje har symptom:

Du bør halde deg heime i 4 døgn frå tidspunktet du fekk positivt resultat. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje.

Les meir om anbefalinga om å halde seg heime. 

Sjekk om du treng ein bekreftande PCR-test

Enkelte kan ta ein bekreftande PCR-test:

  • Alle som ikkje har fått oppfriskingsdose (3. vaksinedose), kan  trenge ein bekreftande test for å få gyldig koronasertifikat.
  • Alle som har fått to vaksinedoser og har hatt korona for meir enn 3 månadar sidan. 
  • Barn under 16 år.
  • Alle med alvorleg svekt immunforsvar.
  • Dersom du oppsøker helsehjelp og legen meiner det skal takast ein bekreftande test. Dette blir gjort der du får helsehjelp. 

PCR-testing vert utført av helsepersonell, og føregår i teltet ved Gulen helsesenter (Eivindvik). Bestill PCR-test via Gulen legekontor si nettside: 
Gulen Legekontor | HelseRespons eller ved å ringe legekontoret på 
telefon: 57 78 10 90.

Er PCR-testen negativ og du ikkje har symptom, kan du leve som normalt. 


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 26.01.2022