testerGulenHelse, sosial og omsorgKoronaInformasjon til innbyggjarane i Gulen kommune i samband med at Covid-pandemien går mot ny smittetopp

Informasjon til innbyggjarane i Gulen kommune i samband med at Covid-pandemien går mot ny smittetopp

Nedskalering av tenester til innbyggjarane i Gulen kommune

Nedskalering fører til at nivået i ei teneste eller i eit tenestetilbod vert redusert. Ofte kan nedskalering frigjere personell til andre meir presserande oppgåver.
I samband med at Covid-pandemien går mot ein ny smittetopp har leiinga i kommunen no ein gjennomgang av ulik tenester, og ser på eventuell nedskalering av tenester som har minst mogeleg konsekvensar for brukarane.
Vi vurderer samstundes korleis personell eventuelt kan omdisponerast mellom tenester slik at vi sikrar leveransen av viktige tenester. Førebels er ingen tenester nedskalerte, men det kan verte aktuelt dersom sjukefråvere blant tilsette vert svært høgt.

Leiinga i kommune tenker det er viktig at innbyggjarane vert kjende med situasjonen, og vi vonar at innbyggjarane vil vise forståing for den krevandeje situasjonen vi kan kome opp i.

Prioritering av tenester som gjeld liv og helse

Korleis pandemien vil råke Gulen kommune er svært usikkert, og vi arbeider no i desse dagar med planar for at situasjonen kan verte meir utfordrande. Vi skal sikre at vi kan oppretthalde tenester som gjeld liv og helse, og at nivået på andre tenester er på så høgt nivå som mogeleg.
Kommunen vil sikre god informasjon til dei av brukarane som eventuelt vil få eit redusert tenestetilbod.
Alle tilsette i kommunen syner stor innsatsvilje og strekkjer seg svært langt for å oppretthalde det ordinære tenestetilbodet.

Oppmoding til frivillige lag og organisasjonar

Med bakgrunn i informasjonen frå kommunen om eventuell nedskalering av tenester, vil vi kome med ei oppmoding til frivillige lag og organsasjonar om å melde seg til ulike oppgåver.

Slik vi vurderer situasjonen i dag kan aktuelle oppgåver verte:

  • Hjelp til matlevering til eldre som bur heime
  • Hjelp til å utføre praktiske oppgåver i heimar
  • Hjelp til å handle på butikk
  • Besøke eldre personar som treng nokon å snakke med

Dersom du kan vere interessert i å hjelpe til kan du kontakte Gulen kommune. Du vil få god rettleiing av tilsette før du tek på deg ei oppgåve.

Kontaktperson: Fagdirektør omsorg Ingebjørg Søreide
ingebjorg.soreide@gulen.kommune.no
Telefon: 57 78 20 04


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 01.02.2022