Koronavaksinasjon

Status 14.03.2022

  • Gulen kommune har drop-in for konavaksinasjon ved Gulen helsesenter måndagar i oddetalsveke kl 13:00-15:00
    • Tilbodet er ope for alle som oppheld seg i kommunen.
    • Kommunen sender ikkje lenger ut innkalling til vaksinasjon.
Vaksinasjon med 4. dose koronavaksine til personar med alvorleg svekka immunforsvar

FHI anbefaler at pasientar med alvorleg svekka immunforsvar tar oppfriskingsdose nr. 4 med koronavaksine.

Det skal ha gått 3 månader frå du fekk 3. dose til du kan få 4. dose.

Dei som skal ha 4. dose kan møte på drop-in på oppsette tider til vaksinering.

Folkehelseinstituttet har utarbeida ei oversikt over kva sjukdomar personar som blir anbefalt ei 4. dose har og kva medisinar ein nytta.

Sjå denne lenka (ww.fhi.no)

Koronavaksinering for 5-11 åringane 

Barn født i 2010-2016 får tilbod om koronavaksine. Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei ynskjer det. Dette er mest aktuelt for: 

Barn med kroniske sjukdomar (Tilsvarande gruppe som vert anbefalt influensavaksine). 

Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse.

Barn med auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lev i ein utsatt situasjon. 

Ynskjer du at ditt barn skal vaksinerast ta kontakt med
Linda Hantveit tlf 41 46 41 16.

 Koronavaksinering for 12-15 åringane

Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei/ barnet sjølv ynskjer det, og ein dose vil redusere den allereie lave risikoen for eit meir alvorleg forløp.

Førsette kan velje å vaksinere barna sine med dose to 8- 12 veke etter dose 1 dersom føresette/barnet sjølv ynskjer det.

Regjeringa har avgjort å følgje Folkehelseinstituttet si anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 - 15 år. Ein må vere fylt 12 år før ein kan få vaksine. Les meir om vaksinering i alderen 12 - 15 år.

Koronavaksinering for 16 og 17 åringane

Alle som ikke har starta grunnvaksinering bør ta 2 doser med mRNA-vaksine så snart som mogleg. 

Dei som er fylt 18 år kan ta ein oppfriskingsdose 20 veker etter siste dose i grunnvaksineringa dersom dei ynskjer det.

Oppfriskningsdose til helsepersonell

For å trygge dei som står i førstelinjeteneste og forebygge smittespreiing har regjeringa og FHI bestemt at helsepersonell med pasientkontakt skal få tilbod om ein oppfriskningsdose. For meir informasjon trykk her.  

Vaksina som blir tilbyd i Gulen er Pfizer og det er anbefalt eit minimums intervall på 20 veker mellom dose 2 og oppfriskingsdose. 

 

Informasjon til deg som skal ta koronavaksina

Vi ynskjer at folk kjem så presist som mogeleg og ikkje blir ståande eller sittande å vente verken før eller etter vaksinasjon.

Ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema og les informasjonen som ligg ved.

Vaksineringa skjer på fylgjande måte:

1. Registrering. Her leverer du eigneerklæringa som ligg ved og vis identifikasjonsbevis.

2. Vaksinering. Sprøyta med vaksine blir sett i overarmen. Ta på praktiske kle slik at det er lett å få fram overarmen.

3. Observasjon. Me har som rutine at alle som tar vaksine må sitte i 20 minuttar etter vaksinasjonen i tilfelle ein får ein reaksjon etter vaksine.

Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på tlf. 97 97 57 60, eller tlf. 41 46 41 16.

Er du usikker på om du av helsemessige årsaker ikkje bør ta vaksinen eller har medisinske spørsmål ta kontakt med din fastlege på tlf. 57 78 10 90.

Har du andre spørsmål knytt til vaksineringa, så ta kontakt med koronavaksinekoordinator på tlf. 97 97 57 60, eller tlf. 41 46 41 16.

Mvh

Anita Pettersen - Smittevernlege

Linda Hantveit - Koronavaksinasjonskoordinator 

Kva må eg gjere før eg vaksinera meg?

Når du har fått time for vaksinering må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. Dette tar du med deg på vaksinasjonsdagen.
Skjemaet kan du laste ned frå FHI sine nettsider: 
https://www.fhi.no/publ/skjema/egenerklaringsskjema-for-koronavaksinasjon/ og printar det ut og tar det med seg.

Viss du ikkje har moglegheit til å printe det ut sjølv kan du få det på kommunehuset, på helsesenteret eller du kan få det tilsendt i posten.

Du må ta med identifikasjonsbevis når du skal vaksinere deg.

Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på telefon; 97 97 57 60 eller 41 46 41 16.

Er du usikker på om du av helsemessige årsaker ikkje bør ta vaksinen, bør du ta kontakt med fastlegen din å få ei vurdering.

NB! Gi alltid beskjed om du ikkje kan møte, for då kan andre få din plass i vaksinasjonskøen! Meld i frå på tlf. 97 97 57 60 eller 41 46 41 16.

Meir informasjon om vaksineringa og vaksina finn du FHI sine nettsider:

Brosjyre: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/koronavaksine-pa-1-2-3/

https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/

Etterregistrering av koronavaksine tatt utanfor Norge

Trykk her for meir informasjon

Eg har ikkje bil eller nokon til å køyre meg, korleis kjem eg meg til vaksinasjon?

 I utgangspunktet må du prøve å kome deg til avtalt vaksinasjonsplass sjølv. Du kan for eksempel bruke dør til dør-kort, drosje, venner, familie eller naboar. Har du inga løysing på det så hjelper me dei innbyggjarane som trenger det. Ta då kontakt på tlf: 57 78 10 90.

Kostar vaksina noko?

Nei, både vaksina og vaksinasjonen er gratis. 

Korleis blir vaksina registrert?

Alle vaksiner blir registrert i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK, https://www.fhi.no/hn/helseregistre-og-registre/sysvak/

Du vil finne oversikt over dine vaksiner på https://www.helsenorge.no/

Kva koronavaksine får du i Gulen kommune

Gulen kommune får pr dags dato tildelt koronavaksine frå BioNTech/Pfizer (Comirnaty) og Moderna.

For meir informasjon om koronavaksinene på ulike språk, trykk på lenkene under: 

BioNTech/Pfizervaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/

Modernavaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus----covid-19-vaccine-moderna/

Gir koronavaksina bivirkningar?

Alle vaksiner har bivirkningar, dei fleste er milde og forbigåande. Vaksina er testa i store studiar på mange tusen menneske.

Vanlege bivirkningar er:

Ømheit og vondt på stikkstaden.

Trøttheit.

Hovudverk.

Vondt i kroppen.

Frysningar / feber

Dette er bivirkningar som er ubehagelege, men som går over etter få dagar. Kontakt lege eller anna helsepersonell vis du får uvanlege, kraftige eller langvarige symptom etter vaksine.

For meir informasjon om koronavaksinene på ulike språk, trykk på lenkene under: 

BioNTech/Pfizervaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/

Modernavaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus----covid-19-vaccine-moderna/

 

Kontakt

Kven kan eg kontakte viss eg har spørsmål eller ynskjer meir informasjon?

Ta kontakt med smittevernlege Anita Pettersen eller fastlege angåande medisinske spørsmål på tlf 57 78 10 90

Ta kontakt med koronavaksinekoordinator Linda Hantveit på tlf 41 46 41 16 eller Hennie Lefdal på tlf 97 97 57 60 eller viss ein har andre spørsmål rundt vaksineringa.

Nytt elles Folkehelseinstituttet sine nettsider; 
https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/

Aktuelle lenker:

Informasjon om koronavaksine på ulike språk:
https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/koronavaksine-pa-1-2-3/
 

Informasjon om vaksinene:

BioNTech/Pfizervaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus---comirnaty-biontech-og-pfizer/

Modernavaksina: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/vaksine-mot-koronavirus----covid-19-vaccine-moderna/


Eigenerklæringsskjema
https://www.fhi.no/publ/skjema/egenerklaringsskjema-for-koronavaksinasjon/


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 16.02.2021