Busetting av flyktningar

I flyktningesituasjonen er det forventa at kommunar m.a. skal bidra med: informasjon til dei som kjem privat om registrering hjå politiet, kommunale tenester, busetting, og samhandling med frivilligheita.

Mange ukrainarar har vener og familie i Noreg. Reglar for privatreisande er at alle med biometrisk pass har rett til opphald i 90 dagar (turistvisum). Andre må registrere seg hjå politi der dei kjem inn til landet. Det er oppretta eit nasjonalt ankomstsenter for flyktningar i Råde kommune.

UDI (Utlendingsdirektoratet) arbeider med å utvide ordninga «Alternativ Mottaksplassering – AMOT» for asylsøkjarar som har familie som allereie er busett i ein kommune. Kommunane må avtale bustad med myndigheitene.

Trykk på lenka for informasjon om beskyttelse og opphald i Norge for personar som er berørt av krisa i Ukraina https://udi.no/krisen-i-ukraina/

Kommunen mottek no ein del henvendingar frå folk som har ledig husvære. Pr no kan det sjå ut som me har nok tilgjengeleg husvære. Det kan likevel vere interessant å få ei oversikt over kor mykje ledig det samla sett er i kommunen så kontakt gjerne postmottak@gulen.kommune.no dersom du har ledig hus/leilegheit.


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 11.03.2022