testerGulenKultur og aktivitetFriluftsområde og turar

Friluftsområde og turar

Kartlagde friluftsområde

Gulen kommune har mange flotte friluftsområder. Om du vil gå på tur i lett terreng, gå på høge fjelltoppar, padle innasjærs eller i meir utfordrande favatn, fiske, gå på ski. Her er noko for alle. Gulen har registrert sine friluftsområder i kart med verdsetjing. Følg lenkje Fylkesatlas Vestland for å navigere i kartet o leggje på filter i tråd med det du ynskjer å oppleve.

Turstiar og turområde

Det er ei rekkje turstiar og turområde i Gulen kommune - både langs sjøen, i låglandet, i flotte skogsområde og på fjellet. På UT finn du turskildringar til dei mest nytta turane. 

Ta med deg boss, vis omsyn til dyr på beite, hugs bandtvang og lat att grinda. Ha ein flott tur!

Følgjande turar er skilta og merka etter nasjonal standard (turskiltprosjektet)

  • Dagsturhytta Gulakvila

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar. Hytta er om lag 15 kvadratmeter og er ein plass der du kan ete matpakka di, få litt varme i deg og bla i bøker. Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har fått kvar si dagsturhytte. No held prosjektet fram i tidlegare Hordaland.
Dagsturhytta i Gulen ligger på Løypingåsen. Dette er ein lett tur som passar for både born og eldre. Hytta ligg nær knutepunkt for mange turstiar vidare opp i høgare fjell. Hytta ligg på 149 meter. Frå kommunehuset til Gulakvila tek turen ca. 30–45 minutt for ein vaksen i vanleg turtempo. Det er 1,5 km ein veg.
Du kan finne meir informasjon om hytta, parkering, sti, med meir her

  • Kystarvstiane
  • Pilgrimsleia
  • Nordsjøløypa
  • Den Trondhjemske Postveg

 

Padling

Gulen er ein øy- og kystkommune med gode forhold for padling. Ta omsyn til vind og havstraumar, og eige ferdigheitsnivå! 


Kontakt 

 

 


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 15.11.2019