Omsorgsbustad

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer som for andre heimebuande.

Eivindvik bu- og omsorgssenter

Sone Eivindvik består av Eivindvik bu- og omsorgssenter og heimetenesta (open omsorg). Senteret ligg på nedsida av vegen rett før Eivindvik sentrum. Bu og omsorgssenteret består av totalt 15 leilegheiter. 12 inne på sjølve senteret og 3 på Kyrkjeneset (nabobygg). Frå senteret er det sjøutsikt inn og utover vågen. Kort avstand til butikk, bank og legekontor. Open omsorg har base på senteret. Open omsorg inkluderer heimesjukepleia og praktisk bistand (heimehjelp).

 Kontakt

Adresse

  • Eivindvikvegen 1066
    5966 EIVINDVIK

På Eivindvik bu og omsorgssenter er det aktivitetsstove kvar torsdag med aktivitør Margrethe Skåden.

Brekke bu- og omsorgssenter

Brekke bu- og omsorgssenter består av 1 hovedhus, med 6 hyblar og 1 avlastningsrom, 6 leilegheiter i eigne bustadar tilknytta bygget. Det er kort avstand til butikk og legekontor. Lege har kontordag kvar måndag.
Personalet i heimetenesta har base på senteret. Open omsorg inkluderar heimesjukepleie og praktisk bistand (heimehjelp).

Kontakt

Adresse

  • Engesetvegen 125
    5961 Brekke
Byrknes bu- og omsorgssenter

Byrknes bu- og omsorgssenter består av 12 leiligheter og 1 avlastningsrom. Det er kort avstand til butikk og legekontor. Lege har kontordag kvar onsdag. Personalet i heimetenesta har base på senteret. Open omsorg inkluderar heimesjukepleie og praktisk bistand (heimehjelp).

Kontakt

Adresse

  • Søre Garden 28
    5970 Byrknesøy
 Dalsøyra bu- og omsorgssenter

Dalsøyra bu- og omsorgssenter består av 8 leilegheiter og 1 avlastningsrom. Det er kort avstand til butikk. Personalet i heimetenesta har base på senteret.  Open omsorg inkluderar heimesjukepleie og praktisk bistand (heimehjelp).

Kontakt

Adresse

  • Gulafjordvegen 1519
    5960 Dalsøyra
Miljøtenesta

Miljøtenesta har hovudkontor på Dalsøyra. Vi har eit bu- og aktivitetstilbod som er lokalisert der.

Vi har 7. leiligheiter og eit Aktivitetsenter.

Miljøtenesta gjev tiltak og teneste til menneskjer med psykisk utviklingshemming. Tilbodet omfattar alt frå tenester heile døgnet til lettare miljøtenester for andre. Nokre av brukarane får sine tenester med utgangspunkt i eigen bustad.

Tenesta er lovpålagt; å gjev hjelp til menneskjer med psykisk utviklingshemming, og avlastning for foreldre/pårørande som har barn med utviklingshemming, funksjonshemming eller andre vanskar.

Tenesta har lovpålagt; ansvar for miljøterapi og støttekontaktar for vaksne og born med utviklingshemming eller annan funksjonshemming.

Vi har som mål:

  • At den einskilde skal kunne leve og bu sjølvstendig
  • At den einskilde skal kunne ha eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre
  • At den einskilde brukar skal ha friheit til å leve sitt eige liv.

Vi har og medansvar i tildeling av BPA (Brukastyrt personleg assistanse).

Kontakt

Vi minner om at helseopplysningar ikkje bør sendast på e-post.

 Adresse

  • Gulafjordvegen 1519
    5960 Dalsøyra

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester 

Fordi søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kommunehuset eller send dei til:

  • Gulen kommune
    Ved Tiltaksnemda for helse- og omsorgstenester
    Eivindvikvegen 1119
    5966 Eivindvik 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Kontakt oss

Ta kontakt med einingsleiar i den sona du ynskjer omsorgsbustad:

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 28.04.2023
Publisert: 27.06.2018