testerGulenSkule og utdanningMusikk- og kulturskulen

Musikk- og kulturskulen

På Gulen musikk- og kulturskule kan du lære å spele eit instrument, syngje, spele i korps eller gå på teikne og måleverkstad. Det er eit mål å gje elevane i musikk- og kulturskulen undervisning som er tilpassa deira interesse og føresetnader. Så langt det er mogeleg vert det lagt opp til undervisning i alle skulekrinsar, men i enkelte høve må ein rekne med at elevar må fraktast til andre skulekrinsar enn dei bur for undervisning. Det blir òg lagt opp til undervisning i SFO tida for dei små så langt det let seg gjere.

Målgruppe

Alle barn og unge i Gulen kan søkje på dei ulike tilboda i musikk og kulturskulen. Vaksne kan og søkje, men barn og unge vert prioriterte.

Musikk- og kulturskulen sel og dirigent / instruktørtenester til kor og korps. Sjå eigen info.

Faga våre

Song og musikkleik

Dette er eit gruppetilbod der borna får syngje mykje. I tillegg vert det musikkleikar og me lærer musikkferdigheiter gjennom leik og litt dramatisering. I periodar av året kan det bli aktuelt å presentere ulike instrument for borna. Dersom det er mogeleg vert undervisninga i SFO tid.

Målgruppe: 1.– 4. klasse

 

Messinginstrument

Musikkskulen vil gjerne gje opplæring på ulike messinginstrument - kornett, flygelhorn, althorn, bariton / euphonium, trombone og tuba.

Me ynskjer å vere ein resurs for skulekorpsa i kommunen. Me har tilbod til dei som er heilt nye på instrument og til dei som har spelt lenger. Undervisninga vert gjeven individuelt eller i mindre grupper.
Dersom du er med i eit korps, held korpset deg med instrument og anna utstyr du treng. Det å gå på musikkskulen i tillegg til å vere med i korps vil vere ein svært god måte å få ekstra god utvikling på instrumentet.

Målgruppe: 3.klasse og oppover

 

Tangentinstrument

Musikkskulen gjev opplæring på tangentinstrument - piano / keyboard.
Me har tilbod til både dei som er heilt nye på instrument og til dei som har kome lenger. Du får undervisning individuelt eller i gruppe på to.

Me brukar instrument som er på grunnskulane til undervisning, men du må ha instrument heime for å kunne øve.

Målgruppe: 4.klasse og oppover

Gitar

Musikkskulen gjev opplæring på gitar. Me har tilbod til både dei som er heilt nye på instrumentet og til dei som har komme lenger. Undervisinga vert gjeven individuelt eller i gruppe.
Musikkskulen legg opp til at du nyttar eige instrument som du både øver på heime og tek med til timane.

Målgruppe: 4.klasse og oppover

Song

Er du glad i å syngje, er dette noko for deg. Tilbodet er tenkt som songundervisning organisert som solosong eller i gruppe.

Målgruppe: 4.klasse og oppover

Samspel / band

Samspel er alltid kjekt. Dette er tenkt som eit tilbod til dei som kan litt på eit instrument, og har lyst til å prøve seg i lag med andre. Avtal gjerne med kvarandre når de søkjer. Då vert det gjerne lettare å få sett saman ei gruppe.

Målgruppe: 5.klasse og oppover

Slagverk

Musikkskulen ynskjer å gje opplæring på slagverkinstrument. Me ynskjer å gje tilbod til både elevar som er heilt nye på instrument og til vidarekomne.
Dersom du er med i eit korps, held korpset deg med instrument og anna utstyr du treng. Det å gå på musikkskulen i tillegg til å vere med i korps vil vere ein svært god måte å få ekstra god utvikling på instrumentet.
Slik vi har hatt det i Gulen dei siste åra, har slagverkundervisning vorte gitt berre i skulekorpsa. Dei har utvikla fleire dyktige slagverkarar.

Målgruppe: 4.klasse og oppover

Teikne og måleverkstad

Informasjon

Kurset vert gjennomført ved gruppeundervisning oftast organisert i lengre økter. Elevane får møte eit vidt spekter av kunstnariske uttrykksformer. I møte med lærar og medelevar skal elevane utvikle og få tillit til eiga skaparevne. Gjennom rettleiing, refleksjon, dialog og faglege rammer skal dei bli i stand til å ta sjølvstendige val og oppleve mestring. Kurset er basert på mest mogleg praktisk arbeid. Det som vert brukt av tid til teori er til å vise døme på kunstnarar og kunststilar som er relevante og inspirerande med det praktiske arbeidet.

Nivå

Det er ikkje krav om forkunnskapar. Tilbod og kurs vert tilpassa alder, nivå og ferdigheit. Det vert introduksjon i ulike materialar, metodar og teknikkar.

Progresjonen på kurset er avhengig av alder, tidlegare erfaring, kunnskap og utvikling undervegs. Målet er å jobbe med fordjuping framfor å skunde seg gjennom oppgåvene.

Teikning

Gjennom teikning evna til å sjå utvikla. Eleven vil observere, utvikle idear/skisser og fortelje gjennom teikning. Barn har ei unik evne til fantasi og førestilling, og dette må ivaretakast og utviklast. Oppgåvene kan variere frå å utvikle grunnleggjande teikneferdigheitar innan teknikk, lys, skugge, perspektiv, komposisjon, stilleben, figurteikning og portrett.

Materialdøme

Blyant, kol, grafitt, pastellkritt, tusj, penn, akrylmåling, akvarell, lerret, papir og papp i ulike format.

Måleri

Elevane lærar om metode og teknikk, fargelære, komposisjon og bruk av forgrunn og bakgrunn.

Utstilling

I løpet av året lagar vi utstillingar der alle elevar er representert.

Foto

Informasjon

Kurset vil vere eit intensivt kurs der ein jobbar med foto frå idé til ferdig produkt. Elevane vil lære grunnleggande fotografering , redigering og ferdiggjering av meterialet, samt det å jobbe systematisk med ei oppgåve for å nå ferdig resultat.

Tradisjonelt pleier elevar frå kulturskulen å ha konsert mot slutten av året, fotogruppa skal også få vise fram det dei har lært med ei flott utstilling.

Elevane må ha eige utstyr som kamera (helst speilrefleks eller kamera med moglegheit for manuell innstilling) og berbar datamaskin, vi gjer også merksam på at det kan komme ekstra materielle utgifter til utstilling.

Målgruppe: frå 5. - 10. trinn

Dans

Informasjon

Her har me per no ingen avtale med lærar. Ved interesse for tilboda vil me hente inn kompetansen som trengst for å drive eit tilbod då gjerne som kurs i deler av skuleåret.

Programmering og e-sport

Informasjon

Programmering & e-sport er eit nytt og spennande tilbod i kulturskulen! Kurset krev ingen forkunnskap om verken programmering eller e-sport. 

Vi brukar blokkprogrammering som er lett å forstå for alle. I undervisninga legg vi vekt på elevane sin kreativitet og skaparglede.

Med strategien «Spillerom - Dataspillstrategi 2020-2022» vil regjeringen løfte dataspel som sjølvstendig kulturuttrykk, kunstform, næring og fritidsaktivitet. Dei skriv blant anna:

Det er store muligheter knyttet til økt bruk av dataspill som læringsressurs i skolen. Spill kan bidra til kritisk refleksjon rundt konsekvenser av valg, utvikle elevenes tekniske ferdigheter og forståelse, bedre språkkunnskaper og gi elevene en dypere forståelse av et fag.

Tradisjonelt pleier elevar frå kulturskulen å ha konsert mot slutten av året, programmering & e-sport-gruppa ynskjer òg å vise fram det dei har lært på slutten av skuleåret. Dette både som ei framsyning av noko av det dei har programmert, og ei e-sport-turnering.

Målgruppe: Frå 5. – 10. trinn 

Sal av dirigenttenester

Gulen musikk- og kulturskule ynskjer å støtte det frivillige kulturlivet i kommunen ved å hjelpe til med å skaffe gode dirigentar og instruktørar. Musikkskulen ynskjer å selje dirigent / instruktørtenester til kor og korps. Kommunestyret fastset betalingsats.

Laga vert drivne av eigne styre. Arbeidsoppgåvene til dirigenten / instruktøren vert avtalt mellom styret i laget og dirigenten / instruktøren. Leiar i musikk- og kulturskulen hjelper til med å lage arbeidsplanar utifrå avtalt timetal dersom det er ynskjeleg.

Ved kjøp av dirigent / instruktørtenester gjennom musikk- og kulturskulen har kommunen arbeidsgjevaransvaret og syter for lønsutbetaling etter gjeldande lover og reglar. Det vert sendt ut krav på avtalte timar til laga 2 gonger i året.

Undervisningsåret går over 38 veker som i grunnskulen.

For meir info – ta kontakt med leiar i musikk- og kulturskulen.

Slik søkjer du

Trykk her for søknadsskjema til musikk- og kulturskulen.

Før du opnar søknadsskjemaet, kan du merkje deg at:

  • Du må fylle ut søknadsskjemaet saman med ein føresett.
  • Dei som har vore elevar dette skuleåret går automatisk vidare.
  • Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i mai kvart år.

Søknaden skal sendast til

Digitalt og sikkert: eDialog, sikker innsending 

eller via e-post: postmottak@gulen.kommune.no

eller til postadresseGulen kommune
                                    Eivindvikvegen 1119
                                    5966 Eivindvik

Kva kostar det?

Prisar

Satsar for Gulen musikk- og kulturskule 2022

Per år Kroner
Enkeltelevar (kjerneprogram), barn/unge 2 675,-
Gruppetilbod (breiddeprogram), barn/unge 1 135,-
Enkeltelevar, vaksne

3 135,-

Korps og kor (inntil 4 timar kvar veke)

380,- (per time)

Påmelding

Kan eg få fleire tilbod?

Ja, men det må betalast for alle tilboda. 

Må eg ha instrument?

Det vert for det meste lagt opp til bruk av instrument elevane rår over sjølve. Når det gjeld tangentinstrument brukar me instrument som er på skulane til undervisning, men elevane Må disponere eit instrument for å få øve heime. Heimeøving er avgjerande for god utvikling.

Får eg fortsetje?

Dei som har vore elevar dette skuleåret, går automatisk vidare på same tilbod. Foreldre / føresette må melde ifrå på melding eller e-post dersom eleven vil endre tilbod eller dersom ho / han ikkje skal halde fram neste skuleår.

Utmelding

Utmelding for neste skuleår må gjerast skriftleg til rektor innan 1. mai.

Utmelding i skuleåret må gjerast skriftleg innan 1.desember. Elles må det betalast for neste halvår. 

Refusjon

Du kan søkje om, og har krav på, refusjon dersom kulturskulen ikkje klarar å skaffe vikar, og du mister meir enn tre undervisningsdagar per skuleår.

Tap av elevplass

Kulturskulen kan seie opp elevplassen dersom eleven:

  • Viser åtferd som er til hinder for undervisinga.
  • Ved manglande innbetaling av eigenandel.

Reglement

  • Vi følgjer skuleruta for grunnskulen slik at når grunnskulen har fridagar, så har musikk- og kulturskulen det og.
  • Fråvær frå ein undervisningstime, skal meldast til lærar på førehand i så god tid som mogeleg dersom eleven av ein eller annan grunn ikkje kan komme til timen. (Melding til lærar er ok).
  • Er ein elev borte frå ein time, har han ikkje krav på å få denne igjen. Det kan gjerast avtalar med lærar dersom det passar for lærar. 

Vil nokon gå på musikk- og kulturskulen på meir enn eit tilbod, kan det søkjast om, men då må det betalast for kvart tilbod.

Kontaktinformasjon

Inger Marie Håheim Tynning
Leiar musikk- og kulturskulen
928 94 188
imht@gulen.kommune.no

Rammeplan for kulturskulen

Trykk her for å laste ned og lese i Norsk kulturskoleråd sin rammeplan for kulturskulen.


Sist oppdatert: 26.04.2022
Publisert: 20.08.2018